Hamnøya eller Uksebåsen er ei øy i Giske kommune, aust for Valderøya. Ho er veglaus og utan fast busetjing.

Det er funne ein buplass frå steinalderen på øya. I nyare tid var øya busett iallfall frå starten på 1600-talet. Hamnøya var del av Borgund kommune fram til 1908. Ho vart fråflytta i 1957.

Folketalsutvikling: 1801Folketeljing 1801 for Borgund prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Skodje herred, frå Digitalarkivet 2000 16 10 0

Kjelder

Ragnar Øvrelid, Borgund og Giske, band III, Borgund og Giske Bygdeboknemnd, 1964 Kulturminnesøk

Kategori:Øyar i Giske