Seterøya er ei øy nord i Ålesund kommune, mellom Sandøya og Finnøya. Øya er veglaus og utan fast busetjing.

Øya var del av Sandøy kommune frå 1867 til 2020. Før det var ho del av Aukra kommune. I 2020 vart øya og resten av Sandøy kommune innlemma i Ålesund.

Seterøya vart busett rundt midten av 1800-talet. Ved folketeljinga i 1900 budde det 28 personar her.Folketeljing 1900 for Sandøy herred, frå Digitalarkivet Øya vart fråflytta i 1976.

Kjelder

Harald Grytten, Øyde øyar og tause tun, Sparebanken Møre, 1993

Kategori:Øyar i Ålesund