Johannes Ewald () var ein dansk diktar og dramatikar. Han verka i overgangstiden mellom opplysingstida og romantikken, og vert rekna som den første moderne forfattaren i Danmark som skreiv frå eit personleg synspunkt.Kristoffer Holm Pedersen, Den første digter – Johannes Ewalds Udvalgte Digte, LitteraturNu.dk

Ewald skreiv den danske kongesongen, «Kong Christian stod ved højen Mast», og dei sjølvbiografiske tekstane Levnet og Meninger og Herr Panthakaks Historie. I samtida var han mest kjend for dikt som hylla kongelege og andre personar av høg rang. Han fornya dramaet med nye tema frå den nordiske oldtida: Balders Død og Rolf Krage, eller ved eit fattig nordsjellandsk fiskarleie: Fiskerne. Grunna svak helse, som han forverra ved drukkenskap og dårleg økonomi, døydde Ewald berre 37 år gammal.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Johannes Ewald» frå , den 2. november 2024.

Kategori:Danske forfattarar Kategori:Forfattarar frå 1700-talet