Anders Olsson Volstad () var ein skipper frå Borgund prestegjeld, busett i Bergen.

Liv og gjerning Anders var frå garden Nedre-Volstad i Borgund, faren heitte Ola Rasmusson, moras namn er ukjent. I 1801 var Anders i teneste på handelsstaden Dryna, den gong i Vatne sokn. Sidan reiste han til Bergen, der han etter kvart vart skipper. Han levde ugift.

Då Anders døydde vart forfatta eit minnedikt, prenta i De bergenske Adressecontoirs-Efterretninger av 24. juli 1819.

«Her lagdes den jordiske Rest af en brav og strævsom Mand; Skipper Anders Olsen Wolstad, fød paa Søndmør i Borgens Præstegjeld i Aaret 1777. Fra Barnsbeen vandt til Arbeide var han stedse utrættelig ved sin Pligt; fortjente sit Brød ved sin Flid, sine Medmenneskers Agtelse ved sin Retskaffenhed; med Lidet selv tilfreds, var han medlidende mod Fattige. I Venskab, som i Handel uegennyttig og redelig. Ved Sundhed som i Sygdom tilfreds med Guds Førelse. Hans Død den 16de Juli 1819 er et betydelig Tab for hans bedagede Forældre og øvrige Slægt. Elsket i Livet som Søn, Broder og Ven begrædes han i Døden af dem, der nød hans Omgang, kiændte hans Værd og nu velsigne hans Minde.» De bergenske Adressecontoirs-Efterretninger, 24. juli 1819

Kjelder

Ministerialbok for Borgund prestegjeld, Borgund sokn 1762-1800 Folketeljing 1801: Dryna Klokkerbok for Domkirken prestegjeld 1816-1821

Kategori:Norske skipsførarar Kategori:Folk frå Borgund Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Folk frå 1800-talet