«Before the Party's Over» (norsk omsetjing 'før festen er over') er ein popsong framført av den belgiske songaren Mustii. Songen blei gjeven ut 20. februar 2024, og var det belgiske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige.

Om songen «Before the Party's Over» var skriven av Mustii sjølv, saman med Pierre Dumoulin, Benoit Leclercq, Nina Sampermans, Arianna D'amato, Alloysius Lloyd og Charlotte Clark. Saman med artisten blei songen internt vald av kringkastaren (RTBF) til å representere Belgia i Eurovision Song Contest 2024. Kunngjeringa av artist blei gjord 30. august 2024, medan «Before the Party's Over» først blei kunngjord i februar 2024.

Songen hadde premiere 20. februar 2024 på det belgiske radioprogrammet Le 8/9. Seinare same dag blei songen og musikkvideoen slopne på YouTube-kanalen til Eurovision Song Contest.

«Before the Party’s Over» deltok i den andre semifinalen torsdag 9. mai 2024. Der enda han på 13.-plass av 16 bidrag og kvalifiserte seg ikkje til finalen laurdag 11. mai.

Listeplasseringar + Liste (2024) Høgasteplassering Hellas Internasjonal (IFPI) 34 Litauen (AGATA) 28

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Before the Party’s Over» frå , den 5. desember 2024.

Kategori:Belgiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar