mini|Arkhanes-skrifta. MM IA / MMIB, 2100-1800 f.Kr. Kretiske hieroglyfar frå Arkhanes, no ved Arkeologisk museum i Heraklion mini|Kreatiske hieroglyfar (1900-1600 f.Kr.) på ein leirestokk frå Malia eller Knossos på Kreta. Prikkar representerer tal. mini|Kretiske hieroglyfar frå segl (A) og tavler (B).

Kreatiske hieroglyfar er eit hieroglyfisk skriftsystem som blei brukt i tidleg bronsealder på Kreta, i minoisk tid. Dei oppstod rundt eit hundreår før Linear A, men dei to skriftsystema blei brukt parallelt i det meste av historia si. Hieroglyfane er ikkje blitt tyda av ettertida.Civitillo, Matilde, Silvia Ferrara, and Torsten Meissner, Introduction", in The Earliest Script on Crete: Semiotics, Linguistics, Archaeology and Palaeography, Cretan Hieroglyphic, Cambridge University Press, pp. 1-12, 2024

Korpus I 1989 omfatta tekstkorpuset med kretiske hieroglyfiske inskripsjonar to grupper:

Segl og seglavtrykk, 150 dokument med 307 teikngrupper, med 832 teikn i alt. Andre dokument på leire, 120 dokument med 274 teikngrupper, med 723 teikn.

Fleire dokument, som dei frå Petras-funne, er blitt publiserte sidan. Eit firesdia prisme blei funne i 2011 ved Vrysinas vest på Kreta.

Innskriftene er hovudsakleg blitt gravne ut fire stader:

Quartier Mu i Malia (midtre minoar II-perioden = MM II) Malia-palasset (MM III) Knossos (MM II eller III) Petras-funnet (MM IIB), 12 leiredokument, 5 seglavtrykk og 6 segl, utgravne frå 1995 og publisert i 2010.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Cretan hieroglyphs» frå , den 8. desember 2024.

Bibliografi

Kategori:Gresk bronsealder Kategori:Kretisk historie Kategori:Skriftsystem