Fəxri İsmayılov (), profesjonelt kjend som Fahree, er ein aserbajdsjansk songar og låtskrivar. Han representerte Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest 2024 med songen «Özünlə apar», saman med İlkin Dövlətov.

Bakgrunn İsmayılov blei fødd den 10. april 1995 i Baku. Han vaks opp i ein kunstnerisk familie; faren hans var jazztrommeslagar og bestefaren hans var skodespelar. Han har både bachelor- og mastergrad i rettsvitskap. På høgda av covid-19-pandemien vigde han seg til musikken og følgde barndomsdraumen om å bli musikar.

Karriere I 2022 gav Fahree ut debutsingelen sin «Dance». Seinare gav han ut ytterlegare to singlar.

I slutten av oktober 2023 offentleggjorde (İTV) at Fahree var blant dei seksten kandidatane som var kortlista i den aserbajdsjanske uttakinga til Eurovision Song Contest 2024. Veka etter blei han kunngjord å vere blant dei seks kandidatane som hadde gått vidare til sluttfasen. Den 7. mars 2024 blei han offentleggjord som den valde representanten til Eurovision Song Contest. Han blei akkompagnert på scena av İlkin Dövlətov, ein av dei andre finalistane i den aserbajdsjanske utveljinga. Duoen deltok i den fyrste semifinalen tysdag 7. mai 2024, med songen «Özünlə apar». I semifinalen blei duoen nummer 14 av 15 bidrag, med 11 poeng, og var dimed ikkje kvalifisert til finalen laurdag 11. mai.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Fahree» frå , den 16. desember 2024.

Kategori:Aserbajdsjanske musikarar Kategori:Aserbajdsjanske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-låtskrivarar