Henri Piispanen () er ein finsk , singer-songwriter og . Etter at han vann saman med Windows95man, representerte duoen Finland i Eurovision Song Contest 2024 med songen «No Rules!», som han er produsent og vokalist for. Som stemmeskodespelar har han gjeve stemme til mange og TV-seriar på finsk.

Karriere Piispanen er vokalist og i bandet Pasa og vokalist og keyboardist i bandet Kontio Polaris.

Piispanen har gjeve stemme til TV-seriar og filmar på finsk, som Lewis i Meet the Robinsons, Hiro Hamada i Big Hero 6, Adrien Agreste i Miraculous: Tales of Ladybug & Cat Noir, Chase i og Lloyd Garmadon i Ninjago . I 2012 var han programleiar for den finske TV-serien Summeri.

Eurovision Song Contest 2024 Piispanen var den primære låtskrivaren og produsenten av songen «No Rules!». Songen var meint for å bli framført i , den finske nasjonale utveljinga til Eurovision Song Contest 2024, av Teemu Keisteri, betre kjend som karakteren Windows95man, og ein annan ukreditert songar, medan Piispanen rett og slett berre ville vere låtskrivar og produsent. Men i eit intervju uttrykte Keisteri korleis han sleit med å finne ein songar med den naudsynte evna til å synge det teknisk utfordrande refrenget til songen, og at Piispanen var den einaste songaren han kunne finne med eit høgt nok vokalområde. Dimed enda Piispanen opp som vokalist i songen saman med Keisteri. I finalen enda duoen sist i juryavrøystinga, men takka være røystene frå det finske folket, vann duoen Uuuden Musiikin Kilpailu med 313 poeng samanlagt. Som følgje av sigeren, fekk duoen representere Finland i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö. Finland deltok i den fyrste semifinalen tysdag 7. mai. Der enda dei på sjuandeplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. mai. I finalen enda Windows95man og Piispanen på 19. plass med 38 poeng.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Henri Piispanen» frå , den 22. desember 2024.

Kategori:Finske musikarar Kategori:Finske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Finske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-låtskrivarar Kategori:Folk frå Helsingfors