Ali Khamenei () var ein iransk sjiaislamsk leiar og politikar og statsoverhovud i Iran frå 1989 til 2026.

Khamenei vart med i den religiøse opposisjonsrørsla til Ruhollah Khomeini i 1962. Rørsla arbeidde for å fjerna sjah Muhammad Reza Pahlavi frå makta, og i perioden 1964–1978 vart Khamenei fengsla fleire gonger grunna denne verksemda. Under store delar av Iran-Irak-krigen hadde Khamenei ei leiande rolle for det iranske militæret. Som assisterande forsvarsminister var han med på å grunnleggja Den iranske revolusjonsgarden.

Då Khomeini døydde i 1989 vart Khamenei utnemnd til øvste leiar for Iran. Den iranske grunnlova vart då endra av di den religiøse rangen til Khamenei var for låg til at han etter den gjeldande grunnlova kunne utnemnast til stillinga.

I utanrikspolitikken har eit viktig emne for Khamenei vore det han kallar kamp mot vestleg imperialisme. Han har òg ved fleire høve kalla for at staten Israel skal fjernast.

Khomeini vart drepen i eit amerikansk-israelsk luftåtak 28. februar 2026.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Iranske presidentar