Rita Marley (), fødd som Alpharita Constantia Anderson, er ein jamaicansk songar. Ho var gift med Bob Marley frå 1966 til hans død 1981. Ho er mor til reggaeartistane David «Ziggy» Marley og Stephen Marley.
Bakgrunn Rita Marley blei fødd i Santiago de Cuba på Cuba, med Leroy Anderson og Cynthia «Beda» Jarrett som foreldre. Dei flytta til Kingston på Jamaica då ho var tre månader gammal, og Marley voks opp i Trenchtown i Kingston. Ho blei oppseda av tanta si Viola etter at foreldra gjekk frå kvarandre.
Musikalsk karriere Rita grunnla gruppa The Soulettes med syskenbarnet sitt Constantine Walker og Marlene Gifford. The Soulettes gav ut fleire songar, mellom anna rocksteady-songar som «Time for Everything», «Turn! Turn! Turn!» (gjeven ut i 1966, skriven av Pete Seeger) og «A Deh Pon Dem». Andre songar som «Friends and Lovers», «One More Chance» og «That Ain't Right» (med harmoni av The Wailers), og ein duett av Marley og Bunny Wailer («Bless You»), blei gjevne ut fleire år seinare på albumet Lovers and Friends.
Rita gifta seg med Bob Marley rundt februar 1966, like før han flytta til Wilmington i Delaware i nokre månader for å arbeida på Dupont Hotel der. Bob blei erstatta i The Wailers av syskenbarnet hennar Constantine «Vision» Walker, som spelte inn nokre songar med The Wailers i denne perioden, med harmoniar av Rita Marley. Etter at Bob kom tilbake ved slutten av sommaren 1966 skipa han, Bunny Wailer og Peter Tosh det sjølvstendige plateselskapet Wail 'n' Soul'm. Då Bunny blei fengsla i 1968 for å inneha cannabis erstatta Rita han i The Wailers i nokre månader.
Saman med Marcia Griffiths og Judy Mowatt danna Rita gruppa I-Threes, som kora for Bob Marley. Bob Marley-songen «Three Little Birds» blir sagt vera tileigna kona hans og I-Threes. Rita har òg vore vellykka som soloartist. Den største hitten hennar var låten «One Draw», som låg på fyrsteplassen på den engelske discolista, sjølv om han var forboden å spela på BBC sine stasjonar på grunn av pro-marihuanabodskapen sin.
Diskografi
Studioalbum
1980 – Rita Marley 1981 – Who Feels It Knows It 1988 – Harambe (Working Together for Freedom) 1988 – We Must Carry on 1990 – Beauty of God's 1990 – Good Girls Cult 1990 – One Draw 2003 – Sings Bob Marley...and Friends 2003 – Sunshine After Rain 2004 – Play Play 2004 – Keep on Pushing
Konsertalbum
2008 – Live in San Francisco
Samlealbum
2002 – One Draw: The Best of Rita Marley 2003 – 20 Cool Reggae Vibes 2004 – 20th Century Masters - The Millennium Collection: The Best of Rita Marley & The Soulett
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rita Marley» frå , den 8. februar 2025.
Kategori:Jamaicanske musikarar