Per Risvik () var ein norsk forretningsmann frå Herøy på Sunnmøre, busett i Trondheim. Han representerte Framstegspartiet og Sør-Trøndelag i Stortinget 1989-93.
Risvik gjekk i unge år folkehøgskule, yrkesskule og sidan handelsskule. Nokre år var han butikkbetjent, deretter handelsreisande frå 1961 til -66. Frå 1967 dreiv han eiga forretning i Trondheim.
I 1980-åra melde Risvik seg til teneste for Trondheim Framstegsparti. Perioden 1987-91 hadde han sete i formannskapet i Trondheim. I 1989 vart han vald til stortingsrepresentant for Sør-Trøndelag. På Tinget var han medlem i Samferdslekomiteen. Framstegspartiet i fylket rauk ut i stortingsvalet 1993. Derimot var Risvik 2000-03 medlem i fylkestinget.
Kjelder stortinget.no
Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Folk frå Herøy i Møre og Romsdal Kategori:Folk frå Trondheim