Breistjertkolibri (Selasphorus platycercus) er ein mellomstor kolibriart som finst i høglandsområde av Sambandsstatane sørover gjennom Mexico og marginalt inn i Guatemala.

Skildring

Breistjertkolibrien er middels stor, med ei kroppslengd på 10 cm. Han veg om lag 3-4 gram, og hoene er gjerne litt større enn hannane. Vaksne fuglar av begge kjønn har ein iriserande grøn rygg, ein kvit augering og ein avrunda, svart stjert som stikk ut forbi vengespissane – noko som har gjeve arten namnet sitt.

Denne arten viser kjønnsdimorfisme, noko som tyder at hannar og hoer har ulike trekk. Hannen har ein karakteristisk, skarpt raudrosa strupeflekk (gorget). Eit identifikasjonstrekk for begge kjønn er den kvite augeringen. Hoa skil seg frå hannen ved ei bleikare farge, kanelbrune kroppssider og flekkete kinn, noko som manglar hos hannen.

Galleri

Habitat

Breistjertkolibrien held til i skogbotnen eller under trekronene i furuskog og eikeskog. Han finn føde i opne område med blomar eller i grasmarker mellom tre og buskar. Hekkeområda ligg hovudsakleg i subalpine enger, fot- og fjelldalar og i stands av osp eller gran. I Colorado kan dei leve opptil 3200 meter over havnivå.Camfield et al, Distribution

Breistjertkolibrien et hovudsakleg nektar frå plantar som er tilpassa kolibriar. Desse blomane kjenneteiknast av høg nektarproduksjon og raude, røyrliknande kronblad, slik som Aquilegia elegantula i akeleieslekta. Han et også insekt og ungar blir fôra med insekt.Camfield et al, Diet

Utbreiing

Breistjertkolibrien er hekkefugl i høgtliggande område i sentrale Rocky Mountains og austlegaste California om sommaren. Om vinteren held han seg hovudsakleg i Mexico og lengst nord i Guatemala.

Denne arten har delvis trekk, avhengig av kor langt nord fuglen held til om vinteren. Den spesifikke trekkruta til breistjertkolibrien er ukjend, men trekkpopulasjonane overvintrar i Sør-Mexico eller Guatemala og returnerer til hekkeområda om våren. Hannane kjem fyrst til hekkeområda, medan hoene kjem seinare.Camfield et al, Movements and Migration

Nokre populasjonar i Sør-Mexico og Guatemala trekker ikkje i det heile, ei åtferd som blir kalla sedentær.

Læte

Breistjertkolibrien lagar fleire ulike lydar. Varsellyden er eit skarpt «cheet», som blir gjenteke rytmisk: «cheet cheet cheet cheet...».

Kolibriar brukar òg vengeslag som eit kommunikasjonssignal. Denne arten produserer to ulike typar lyd med vengene. «Vengesurr» – ein summande lyd som oppstår når fuglen flyg. Lyden varierer frå 35 til 100 Hz og kan lagast av begge kjønn. Den andre er «vengetrille» – ein summande lyd som hannen lagar under kurtisen. Denne lyden kan høyrast opptil 50 meter unna av andre hannar og 75 meter unna av hoer. Lyden kjem til når luft passerer raskt gjennom dei 9. og 10. handsvingfjørene.

Kjelder

Første versjon av denne artikkelen var baset på «Broad-tailed hummingbird» frå , den 25. februar 2025 Camfield, A. F., W. A. Calder, og L. L. Calder (2020). Broad-tailed Hummingbird (Selasphorus platycercus), version 1.0. I Birds of the World (A. F. Poole, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.brthum.01

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kolibrifamilien Kategori:Kolibriar i USA Kategori:Kolibriar i Mexico Kategori:Kolibriar i Mellom-Amerika