Tallak Grundesson Bjorvatten () var ein lensmann og stortingsmann frå Vegårshei.
Han var frå garden Espeland i Vegårshei. Etter ei kort tid på Nes faste skule, arbeidde han 1809-18 som lærar i Søndeled. I 1818 fekk han stillinga som lensmann i fødebygda Vegårshei, ei stilling han hadde i 20 år. Frå 1825 budde han på garden Bjorvatn i Vegårshei, der han døydde knapt 46 år gammal.
Omframt lensmanngjerninga var Tallak ei mykje nytta bygdemann i Vegårshei. Han var bygdemagasinforvaltar, rekneskapsførar for skulestellet og fattigvesenet. 1830 og 1836 representerte han Nedenes og Råbyggelaget i Stortinget. I begge tingsamlingane var han medlem i Justiskomiteen, i 1830 også i Matrikkelkomiteen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1830-1832 Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Folk frå Vegårshei