Jørgen Hårek Kosmo () var ein norsk politikar (Arbeidarpartiet) og stortingspresident.

Han var fødd i Fauske i Nordland fylke, var opphavleg anleggsarbeidar, og dreiv lenge med fagforeningsarbeid. Frå 1979 til 1985 sat Kosmo i kommunestyret i Horten, dei siste to åra som formann i kommunestyret. Frå 1985 til 2005 var han vald inn på Stortinget som Arbeidarpartiet sin representant for Vestfold fylke.

Jørgen Kosmo var forsvarsminister frå 1993 til 1997, og statsråd i Arbeids- og administrasjonsdepartementet frå 2000 til 2001. Då han gjekk av som statsråd, vart han vald til stortingspresident. Han sat i dette embetet fram til Thorbjørn Jagland vart stortingspresident i oktober 2005.

I juli 2004 vart Kosmo utnemnd til fylkesmann for Telemark etter Solveig Sollie, men kunne ikkje tiltre stillinga medan han sat på Stortinget. Hausten 2005 vart han utnemnd til riksrevisor.

Den 2. november 2005 tildelte Kong Harald Jørgen Kosmo storkrossen av St. Olavs Orden for embetsforteneste som stortingspresident. Kosmo er den fyrste stortingspresidenten i nyare tid som har motteke ordenen. Same året vart Kosmo også utnemnd til storkross av den svenske Nordstjerneordenen, og i 2013 fekk han den nederlandske Oranje-Nassau-ordenen (Orde van Oranje-Nassau).

Kjelder

Kategori:Norske arbeidsministrar Kategori:Norske forsvarsministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Brundtland III Kategori:Statsrådar i Regjeringa Jagland Kategori:Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg I Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Norske riksrevisorar Kategori:Stortingspresidentar Kategori:Stortingsrepresentantar for Vestfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Ordførarar i Horten Kategori:Ap-ordførarar i Vestfold Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Nordstjerneordenen Kategori:Folk frå Fauske