Vattenfall AB er eit statleg svensk energiselskap. Selskapet eig ei rad kraftverk i fleire land. I Sverige står kjerneenergi og vassenergi for ein stor del av enrgiproduksjonen til selskapet, mens det i Tyskland – gjennom dotterselskapet Vattenfall Europe – og Polen satsar mykje på kolenergi.

Vattenfall vart grunnlagt i 1909 under namnet Kungliga Vattenfallsstyrelsen. Den øvste direktøren i selskapet er Øystein Løseth. Hovudkontoret ligg i Solna.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Vattenfall» frå , den 24. november 2013.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Skipingar i 1909 Kategori:Svenske føretak Kategori:Energiføretak