Zhu Chen () er ein kinesisk-qatarsk stormeister (GM) i sjakk. Ho representerte opphavleg fødelandet Kina, men spelar no for Qatar, der ho bur saman med ektemannen . I 2001 blei ho den andre kinesiske verdsmeisteren for kvinner etter Xie Jun, og same året blei ho den tolvte kinesiske stormeisteren.
Biografi Zhu Chen er fødd i Wenzhou. Zhu blei den fyrste kinesiske spelaren som vann ein internasjonal sjakkonkurranse, då ho vann verdsmeisterskapen for jenter under 12 i Romania i 1988. Seinare vann ho også juniorverdsmeisterskapen for jenter i 1994 og i 1996.
Som 25-åring slo Zhu frå Russland i verdmeisterskapen i sjakk for kvinner i 2001/2002 med 5–3, og blei den ellevte kvinnelege verdsmeisteren.
Zhu gav opp sjansen til å forsvare tittelen sin i mai 2004 på grunn av eit fullt tidsskjema og graviditet.
I juni 2004 spelte Zhu to parti mot sjakkmaskina «Star of Unisplendour». Denne maskina bestod av ein avansert AMD 64 bit 3400+ CPU og 2 GB RAM som køyrde sjakkprogrammet Fritz 8. Ho tapte begge partia.Queen vs Unisplendour Fritzin Red goes down to the Computer
Zhu er gift med den qatarske stormeisteren Mohamad Al-Modiahki, og sidan 2006 har ho representert Qatar.ChessBase.com – Chess News – Olympiad R3: Kramnik, Anand play and win Ho har studert for å ta ein mastergrad ved Tsinghuauniversitetet.
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Zhu Chen» frå , den 28. mars 2025.
Kategori:Kinesiske sjakkspelarar Kategori:Qatarske sjakkspelarar Kategori:Stormeistrar i sjakk Kategori:Sjakkolympiadedeltakarar Kategori:Folk frå Wenzhou