The Dubliners var ei irsk folkemusikkgruppe som blei skipa i 1962 og oppløyst i 2012, då det siste originale medlemmet av gruppa døydde. The Dublin Legends blei så danna av medlemmer som seinare var komne til. Gruppa var kjenneteikna av livlege konsertar og medlemmar med langt hår og skjegg.

Gruppa skreiv nokre av låtane sine sjølv, men mykje av repertoaret var allment kjend musikk frå Irland, Skottland og England og dessutan irske miljø i USA og Canada. Dei var kjende for framføring av alkoholrelaterte låtar som «All for My Grog», «Jar of Porter» og «Seven Drunken Nights». «The Rising of the Moon» handlar om det irske opprøret mot den engelske overmakta i 1798. Den store irske diasporaen er eit vanleg tema, til dømes i «Muirsheen Durkin», som handlar om ein irsk utvandrar som grev etter gull i California. «The Fields of Athenry», skriven av Pete St. John i 1979, handlar om hungersnauda på 1840-talet og er blitt spelt inn av Dubliners og mange andre musikarar.

Historie Ronnie Drew stifta The Ronnie Drew Group i 1962. På forslag frå Drew endra gruppa namn til The Dubliners etter James Joyce si bok av same namn. Luke Kelly, Barney McKenna og Ciaran Bourke blei òg med i gruppa. Dei byrja å spela i O'Donoghue's pub, der dei opphavleg kom saman for å drikka øl. Med den livlege stilen og den kraftige irske aksenten sin skilde dei seg frå den meir polerte stilen som irsk musikk var blitt kjend under ved mellom anna The Clancy Brothers.

Luke Kelly framførte som regel balladane medan Drew framførte dei livlege songane som «Finnegan's Wake». Drew var med i gruppa i periodane 1962 til 1974 og 1979 til 1995. Etter 1995 satsa Drew på ein solokarriere. Eamonn Campbell døydde i 2017.

Luke Kelly (død 1984), som medverka ved etableringa av bandet, var svært inspirert av den venstreorienterte britiske musikaren Ewan MacColl.

Diskografi

1964 The Dubliners (Live) 1965 In Concert (Live) 1966 Finnegan Wakes (Live) 1967 A Drop of the Hard Stuff (a.k.a. Seven Drunken Nights) 1967 More of the Hard Stuff 1968 Drinkin' and Courtin' (a.k.a. I Know My Love) 1968 At It Again (a.k.a. Seven Deadly Sins) 1969 Live at the Albert Hall (Live) 1969 At Home with The Dubliners 1970 Revolution 1972 Hometown (Live) 1972 Double Dubliners (a.k.a. Alive And Well) 1973 Plain and Simple 1974 Live (Live) 1975 Now 1976 A Parcel of Rogues 1977 Live at Montreux (Live) 1977 15 Years On 1979 Together Again 1983 21 Years On (Live) 1983 Prodigal Sons 1985 Live In Carré (Live) 1987 25 Years Celebration 1988 Dubliner's Dublin 1992 30 Years A-Greying 1996 Further Along 1997 Alive Alive-O (Live) 2002 40 Years (nye og gamle songar) 2002 Live From The Gaiety (Live) 2006 Live At Vicar Street (Live) 2008 The Late Late Show Tribute to The Dubliners (Live, 1987) 2009 A Time to Remember (Live)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Dubliners» frå , den 14. april 2025.

Kategori:Irske musikkgrupper Kategori:Musikkgrupper skipa i 1962