Mitt land er ei diktsamling frå 1921 av Halvor Floden. Boka inneheld 21 dikt, både nasjonale dikt, høvesdikt og sentrallyrikk. Bakgrunn Da boka kom ut, var Floden etablert som lærar og småbrukar i Hernes i Elverum. Han dreiv småbruket Svea frå 1916 til 1948, og var lærar i Hernes frå 1917 til han i 1950 fekk kunstnarløn. Halvor og Anne Floden hadde 5 barn, fødd 1907-1920.Halvor Floden; Historisk befolkningsregister
Fleire av dikta hadde tidlegare stått i avisa Østlendingen, der Floden hadde dei første dikta på trykk i 1905. Innhald Alle dikta i boka er i bunden form, med fast rytme og enderim.
Floden «nemnar ofte tru og elsk som to viktige føresetnader for eit byggande og rikt liv». Han meiner både elsk til heimen, bygda og fedrelandet, men mest kjærleiken mellom mann og kvinne. Samlinga har og fleire dikt om religiøs tru og tvil.
Mellom dei 21 dikta i boka finst hyllingsdikt til Anders Hovden («Anders Hovding»), minnedikt over Trysil-ordføraren Johan Rønningen og prologar frå ein mål-fest og ein ungdoms-fest.
Opningsdiktet «Såg du mitt land» har same rytme som Vinjes «Ved Rondane» og har også tekstlege allusjonar til dette diktet. Flodens dikt har og allusjonar til dikt av Ivar Aasen, Arne Garborg og Per Sivle. «Såg du mitt land» var først prenta i avisa Den 17de Mai i 1909, og vart oppatt-trykt i fleire aviser same året.
«Såg du mitt land» vart seinare tatt med i diktantologiar og songbøker. Det er tonesett for kor av Sparre Olsen i 1944 og Ottar Fiskum i 1966.
Omtale Meldaren «I.F.» i Høgskulebladet meinte at dikta ikkje utmerka seg med «elegance», men med malm og merg, og med «den mogne mannen si verdsetjing av livsens leik og livsens alvor og strid.» Olav Midttun i Syn og Segn meinte at dei beste dikta er der «kjensla hans spelar med, kjærleiken til heimen, kona og borni.» Det beste diktet er ifølge Midttun «Ho elskar han ikkje».
«A.B.» i Den 17de Mai meinte at Floden synte seg som ein kandidat til rolla som «ein verdig skald for det nye og unge Norig.» Liknande tanker kom fram i Agder Tidend.
Meldaren i Morgenavisen meinte at det var «stemningen og stemningsmaterialet som ligger for Floden som lyriker.» Nils A. Lavik i Dagen trakk både fram dei religiøse dikta og elskhugsdikta. «A.E.» i Stavanger Aftenblad meinte at dikta var velforma, men mangla lyrisk kraft. Meldaren «E.» i Østerdølen meinte at dikta var for agitatoriske, medan meldaren «J.A.R.» i Indlandsposten meinte at dikta «aander av en sterk kjærlighet til hjem og land og alt godt,» utan å nå store høgder. Somme meldarar peikte på «Såg du mitt land».
Referansar
Kategori:Norske dikt Kategori:Bøker frå 1921