Karl Marthello Johannesen () var ein norsk arbeidsmann og politikar frå Bergen. Han representerte Norges Kommunistiske Parti i Stortinget 1925-27.
Liv og virke Etter folkeskulen arbeidde Johannesen frå 1897 i ti år som sjømann. I 1907 tok han til som losse- og lastearbeidar i Bergen. Han var fagorganisert som bryggjearbeidar og vart snart tillitsmann, kjent som Karl M. Han melde seg inn i Arbeidarpartiet i 1908. I 1916 vart han vald inn i bystyret, attvald dei tre neste vala og samanhengande bystyremedlem til 1928. I 1923 støtta Johannesen og dei andre i partilaget i Bergen Komintern-linja. Dei braut med fleirtalet i Arbeidarpartiet og danna Norges Kommunistiske Parti. Frå 1925 til 1927 var Johannesen stortingsmann, vald for Bergen og NKP. På Tinget var han medlem i Protokollkomiteen.
Som tillitsmann var Johnnesen sentral i arbeidet med å sameine seks ulike bryggjearbeidar-foreiningar i byen. Frå 1916 til 1925 var han formann i Fæstningskaiens Arbeiderforening. Han var då med i ei nemnd som kom med framlegg om å etablere Bergens Losse- og Lastearbeiderforening. Etter denne var skipa, var Johannesen frå nyår 1925 fastlønna forretningsførar i foreininga. I 1929 fekk Johannesen plass i Norsk Transportarbeiderforbund sitt hovudstyre.
I 1940 var Peder Furubotn ein sentral aktør i NKP i Bergens-området. I september månad låg Furubotn i dekning heime hos Johannesen.Side 187. Torgrim Titlestad: Peder Furubotn. I kamp, i krig, Gyldendal 1977 Frå 1941 var Johannesen ein av fagforeiningsleiarane i den illegale leiinga for fagrørsla i Bergen.Side 177. Frode Færøy: Den kommunistiske motstandsbevegelsen i Bergensdistriktet, 1940 - 45. Hovedoppgave i historie, Universitetet i Oslo 1991 19. september 1942 var han arrestert og sat fengsla på Ulven fram til 22. november. Han vart fengsla på ny 9. september 1944. Etter 6-7 veker i Espeland fangeleir overflytta 26. oktober til Grini, som «fange 15326» til frigjeringa.Side 358. Kristian Ottosen: Nordmenn i fangenskap 1940-1945, Universitetsforlaget, 2. utg. Oslo 2004 Frå hausten 1945 til ut året 1947 var han atter medlem i bystyret i Bergen.
Kjelder
Stortinget 1925-27 Denne artikkelen bygger på «Karl M. Johannesen» frå , den 5. mai 2025.
Kategori:Stortingsrepresentantar frå NKP Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Lokalpolitikarar frå Arbeidarpartiet Kategori:Lokalpolitikarar frå NKP Kategori:Norske fagforeiningsleiarar Kategori:Norske motstandsfolk Kategori:Folk frå Bergen