Margaret Barry () var ein irsk reisande, folkesongar og banjospelar.
Liv Margaret Cleary var fødd i Cork i ein familie av reisandefolk og gatesongarar. Ho lærte seg å spela siter-banjo og fele i ung alder. Seksten år gammal, etter ein familiekrangel, forlet Margaret heimen og byrja å opptre som gatemusikant.
På byrjinga av 1950-talet flytta ho til London, fyrst for å vera med i ein TV-serie som heitte Songhunter, produsert av ein ung David Attenborough. Attenborough skildra seinare korleis Barry den slåande ville, tannlause utsjånaden og den ustemde banjoen hennar førte til ei mengd klager om å la «irske fantar» vera på TV. Barry blei godt kjend på London-folkemusikkscenen på 1950-talet for den karakteristiske songstilen og det særmerkte banjo-spelet sitt, ofte akkompagnert av felespelaren Michael Gorman. Songen og banjospelet hennar blei ein stor innverknad på den yngre generasjonen av balladesongarar i Irland og Storbritannia, inkludert Luke Kelly. Ho opptredde i Carnegie Hall og Rockefeller Centre i New York.
Ein song som Barry særleg blei kjend for er «She Moved Through the Fair». Då ein intervjuar, Karl Dallas, spurde om ho hadde lært songen frå familien sin eller frå andre reisande, svara ho gladeleg: «Å, nei. Eg fekk han frå ei grammofon-plate av grev John McCormack».
Skodespelet She Moved Through the Fair: The Legend of Margaret Barry, som var skrive av Mary McPartlan og Colin Irwin, blei urframført i 2017 på Tron Theatre i Glasgow, som ein del av Celtic Connections-festivalen. Diktaren og låtskrivaren Frank Callery skreiv ein song for hundreåret til Barry sin fødselsdag. Singer/songwriteren Tim O'Riordan skreiv ein song som hylla Barry, «The Heart of the Song (for Margaret Barry)», og spelte han inn til albumet Taibhse i 2018.
Ved RTÉ Radio 1 Folk Awards i 2019 blei Barry innført i Hall of Fame av den amerikanske songaren Peggy Seeger.Ye Vagabonds make it a treble at RTE Radio 1 Folk Awards.
Diskografi
Songs of an Irish Tinker Lady (Riverside RLP 12–602, 1956) Street Songs and Fiddle Tunes (Topic 10T6, 1957) – med Michael Gorman Ireland’s Queen Of The Tinkers Sings (Top Rank 25/020, 1960) The Blarney Stone (Prestige Irish, 1961) – med Michael Gorman Songs From the Hills of Donegal (Washington WV 731, 1962) Irish Music In London Pubs (Folkways FG 3575, 1965) – med Michael Gorman Her Mantle So Green (Topic 12T123, 1965) – med Michael Gorman Come Back Paddy Reilly (Emerald GEM 1003, 1968) Sing and Play (Folkways FW8729, 1975) Ireland's Own (Outlet SOLP 1029, 1976) I Sang Through The Fairs (Rounder 11661-1774-2, 1998) Travellin' People from Ireland (Emerald EMCD8004, 2001) – med Pecker Dunne Queen of the Gypsies (Emerald EMCD8004, 2007) The Definitive Collection (Songs of The Travelling People) (PMI, 2013)
Kjelder
Pohle, Horst (1987) The Folk Record Source Book; 2nd ed. p. 22 (for discography) Denne artikkelen bygger på «Margaret Barry» frå , den 13. mai 2025.
Kategori:Irske visesongarar Kategori:Irske reisandefolk