Marie-Joseph Angélique () var ein kanadisk slave som blei dømt for å ha forårsaka den store bybrannen i Montreal den 10. april 1734, då mesteparten av gamle Montreal brann ned. Som straff for dette blei ho torturert og avretta.André Vachon, “MARIE-JOSEPH-ANGÉLIQUE,” in Dictionary of Canadian Biography, vol. 2, University of Toronto/Université Laval, 2003–, accessed April 9, 2020, http://www.biographi.ca/en/bio/marie_joseph_angelique_2E.html.
Biografi Marie-Joseph Angélique blei fødd kring 1710 fødd på den portugisiske øya Madeira. Som slave hadde ho ulike eigarar. På eit tidspunkt var eigaren hennar ein flamsk slavehandlar som heitte Nichus BlockCooper 2018, s. 24 eller Nicolas Bleeker,Beaugrand-Champagne 2004, s. 62 som førte henne til Den nye verda. Ho var i New England til 1725, då ho blei selt til ein fransk forretningsmann frå Montreal,François Poulin de Francheville. Etter at han døydde i 1733 høyrde ho til enkja hans, Thérèse de Couagne. Angélique blei døypt i Montreal den 28. juni 1730.
Angélique fekk tre barn medan ho var i Montréal: ein gutt fødd i 1731, som berre levde i ein månad, og tvillingar fødde i 1732, som begge døydde etter fem månadar.Beaugrand-Champagne, pp. 164–165 Faren som står oppført i dåpsregisteret er Jacques César, ein slave frå Madagaskar som tilhøyrde Ignace Gamelin, ein venn av Francheville. Det er ikkje kjend om Angélique og César hadde eit forhold av eigen vilje eller blei tvinga til det av eigarane sine (barn av slavar blei fødde som slavar, og tilhøyrde automatisk eigarane til mora).Cooper 2006, s. 163–164; Beaugrand-Champagne2004, s. 164–165
Ho byrja eit forhold med den frie kvite mannen Claude Thibault, som var kontraktstenar for Francheville. I februar 1733 prøvde ho å flykta til New England med han, men dei blei fanga på vegen. Angélique blei send tilbake til eigaren sin. Thibault blei fengsla, og slapp ut 8. april. Om kvelden den 10. april braut det ut ein brann som brann ned store delar av Montreal brann ned. Angélique blei skulda for å ha påsett brannen, medan Claude Thibault rømde og aldri blei funnen att. Ho blei stilt for retten, og sjølv om ho nekta for påsetjinga blei ho funnen skuldig, og dømt til å få høge høgre handa si hogd av og brunnen på eit bål. Straffa blei seinare mildna til henging, og handa blei ikkje hogd av, men Angélique blei likevel torturert før henginga, for å få henne til å tilstå og namngje moglege medskuldige. Liket hennar blei brent og oska spreidd.
Ettermæle Soga om Angélique har seinare inspirert fleire romanar, skodespel, dikt og songar. Skodespelet Angélique av Lorena Gale, som var laust basert på ein transkripsjon av rettssaka,Beaugrand-Champagne 2004, p. 286 vann Maurier National Playwriting Competition i Canada i 1995.
I 2012 blei eit torg i Montreal, ved rådhuset i byen, kalla opp etter henne som Place Marie-Josèphe-Angélique."Nomination de la Place Marie-Josèphe-Angélique." Ville de Montréal. 14. februar 2012.
I 2016 tok ein kortfilm av Howard J Davis, C’est Moi, for seg soga Angélique med bakgrunn i 150-årsjubileet til Montreal."New Film Takes a Much-Needed Glance into Canada's Uncomfortable Past with Racism and Slavery." This Magazine. March 27, 2017.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Marie-Joseph Angélique» frå , og «Marie-Joseph Angélique» frå den 28. mai 2025. oppgav desse kjeldene:
Beaugrand-Champagne, Denyse (2004). Le procès de Marie-Josèphe Angélique. Montreal: Libre Expression. .
Greer, Allan. The People of New France (Toronto: University of Toronto Press Inc., 1997), 85–89. Kolish, Evelyn (2007). "L'incendie de Montréal en 1734 et le procès de Marie-Josèphe Angélique: Trois oeuvres, deux interprétations", Revue d'histoire de l'Amérique française. Vol. 61, No 1 (Summer 2007), pp. 86–92. Lachance, André (1978). La Justice criminelle du roi au Canada au XVIIIe siècle Québec. Quebec: Les Presses de l'Université Laval, .
Kategori:Folk avretta ved henging Kategori:Folk frå Montreal Kategori:Folk frå Madeira Kategori:Slavar Kategori:Historia til Montreal