Rotenburg (Wümme), plattysk Rodenborg (Wümm), også kjend som Rotenburg an der Wümme, er ein by og ein kommune nord i forbundslandet Niedersachsen i Tyskland. Kommunen har 23 000 ibuarar og dekker 99,1 km² land. Byen ligg 40 kilometer aust for Bremen.
Rotenburg vart grunnlagt i 1195, då fyrsten og biskopen Rudolf I av Verden fekk bygt ei borg på staden. Borga fekk namn av fargen på mursteinane. Busetnaden ved borga vart verande landsby heilt til innpå 1800-talet.
Fyrstebispedømmet vart i 1648 omgjort til fyrstedømmet Verden. Dette var frå då i personalunion med kongeriket Sverige. Etter å ha vore okkupert av Danmark i tre år, tok Hannover-fyrsten i 1715 over styringa av fyrstedømmet.
Rotenburg ligg ved elva Wümme og vert kalla Rotenburg (Wümme) for å skilje byen frå Rotenburg an der Fulda i Hessen og Rothenburg ob der Tauber i Bayern.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rotenburg (Wümme)» frå , den 3. juni 2025.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Niedersachsen