Synne Sofie Kinden Jensen () er ein norsk fotballspelar som spelar for den spanske klubben .

Klubbkarriere Jensen spelte for Gjelleråsen i ungdomsåra. Som 16-åring signerte ho for LSK Kvinner. Hausten 2012 gjekk ho på utlån til . Etter begrenset med speletid i LSK melde ho i 2013 overgang til Kolbotn. Der vart ho klubbens toppskårer i 2014. Etter to år i Kolbotn vart ho henta til , eit av verdas beste fotballag på kvinnesida. I Wolfsburg vart ho lagvenninne med blant anna Caroline Graham Hansen. Etter lite speletid i den tyske storklubben gjekk ho i 2016 på utlån til Stabæk i Toppserien. Før 2017-sesongen vart ho permanent Stabæk-spelar som ein del av avtala om at Marie Dølvik Markussen gjekk motsett veg frå Stabæk til . Etter to og eit halvt år i Stabæk signerte ho i 2019 for Røa. Der vart ho klubbens toppskårar med 16 mål i . I januar 2020 signerte ho for Vålerenga, der var ho i sin fyrste sesong delaktig i å sikre den fyrste seriemeisterskapen til klubben og den fyrste cupmeisterskapen. Etter to sesongar i Vålerenga vart det i januar 2022 kjent at Jensen igjen skulle prøve seg utanlands og hadde signert for spanske Real Sociedad. I juli 2024 vart det kjent at ho hadde signert for den spanske klubben .

Landslagskarriere Jensen har vore innom alle landslag frå til A-landslaget. Debuten for A-landslaget fekk ho i november 2014 mot New Zealand.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Synne Jensen» frå , den 2. juli 2025.

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Atlético Madrid-spelarar Kategori:Kolbotn-spelarar Kategori:Linderud-Grei-spelarar Kategori:LSK Kvinner-spelarar Kategori:Real Sociedad-spelarar Kategori:Stabæk-spelarar Kategori:Vålerenga-spelarar Kategori:Wolfsburg-spelarar Kategori:Norske kvinnelandslagsspelarar i fotball Kategori:Folk frå Oslo