Elin Austevoll () er ein norsk tidlegare symjar frå Fana i Hordaland som vart tildelt kongepokal under NM i symjing 1998. Ho er medlem i Svømmeklubben Delfana og var med i trenings- og tevlings-felleskapet Hansasvømmerne.
Frå 1990 til 1999 vann Austevoll 31 gullmedaljar i noregsmeisterskap på langbane. 21 gullmedaljar kom i brystsymjing, 5 i 100 meter butterfly, 3 i 200 meter medley og 1 i 200 meter fri. Under europameisterskapen 1993 i Sheffield la ho beslag på femteplassen i 100 meter bryst og sjetteplassen på den doble distansen. Året etter vart ho nummer 11 i 100 m bryst ved verdsmeisterskapen i Roma, og i 1996 kom ho på tolvteplass under Sommar-OL i Atlanta på same 100 m bryst. I alle desse tre meisterskapane forbetra ho den nordiske rekorden i øvinga. Austevoll sette fleire norske rekordar og nokre nordiske rekordar i brystsymjing.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Elin Austevoll» frå , den 19. august 2025.
Elin Austevoll i Worldacquatics.com
Kategori:Norske symjarar Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Symjarar under sommar-OL 1996 Kategori:Folk frå Bergen