Caymangropa er ei djuphavsrenne vest i Det karibiske havet. Ho ligg sør for Caymanøyane og nord for Jamaica og strekkjer seg frå Windwardpassasjen søraust for Cuba og vestover mot Hondurasbukta. Maksimal havdjupne er 7686 meter, den djupaste i Det karibiske havet. Renna ligg i sona der Den karibiske plata og Den nordamerikanske kontinentalplata fjernar seg frå kvarandre.
På 5 kilometers djupne i Caymangropa finst det hydrotermiske skorsteinar. Desse såkalla black smokers er dei djupaste ein har funne.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Caymangropa» frå , den 5. september 2025.
Kategori:Havgroper Kategori:Det karibiske havet