Andesmåse (Chroicocephalus serranus) er ein art i underfamilien Larinae i måsefamilien Laridae, som òg inkluderer terner og saksenebbar. Arten finst i Argentina, Bolivia, Chile, Colombia, Ecuador og Peru.
Systematikk
Andesmåsen vart lenge plassert i slekta Larus. Genetiske studiar har vist at Larus i vid tyding er parafyletisk, og taksonomiske autoritetar inkludert International Ornithologists' Union har derfor flytta arten og ti andre måsar til slekta Chroicocephalus. Andesmåsen er monotypisk.
Skildring
Andesmåsen er 42–48 cm lang og veg kring 480 gram. Målt mot måsar i Noreg har han marginalt lengre kropp enn ein fiskemåse, men er monaleg større enn slektningen hettemåse og er ein av dei største artane i slekta si. Kjønna er like. Vaksne i hekkedrakt har ein glinsande svart hette med ein kvit halvmåne bak auget, og kroppen er mest kvit med grå rygg og stundom eit rosa skjær på undersida. Stjerten er kvit. Oversida av vengene er mest grå med eit vekselvis kvitt–svart–kvitt–svart mønster på handsvingfjørene. Undersida av vengene er lys grå med mørk ytre del, men med store kvite «spegl» på dei tre ytterste handsvingfjørene. Nebb, bein og føter er mørkebrune med raudleg skjær, og irisen er brun. Utanom hekkesesongen har vaksne kvitt hovud og mørke bein. Arten brukar to år på å få vaksen fjørdrakt. Ungfuglar i første leveår har noko svart spragling på hovudet, eit komplekst svart–kvitt mønster på vengene, og eit svart band nær enden av stjerten.
Utbreiing og habitat
Andesmåsen finst året rundt i Andesfjella frå sørvest i Colombia sørover gjennom sentrale Ecuador og Peru, vestlege Bolivia, austlege Chile og vestlege Argentina, til kring breiddegraden for nordlege delar av Aysén-regionen i Chile. Mange individ overvintrar på kysten frå sentrale Peru sørover til nordlege Chile, men det er ikkje klart om desse kjem frå høglandet aust for området eller frå sørlegare delar av utbreiingsområdet. Arten er òg registrert som streiffugl i Amazonas i Peru og lengst sør i Argentina.
I hekkesesongen finst arten ved innsjøar, myrar, våtmarker og jordbruksområde i puna- og páramo-sona på Altiplano. Her er han vanlegvis frå 3 000 til 5 300 meter over havnivå, men kan finnast ned til 1 200 moh. i dei sørlege delane av utbreiinga. Overvintrande fuglar finst særleg ved elvemunningar og sandstrender langs kysten.
Åtferd
I høglandet lever andesmåsen av meitemakk, insekt, amfibium, småfisk og tidvis egg og ungar av vassfuglar. Om vinteren kan han òg leve som åtseletar ved skisenter. Langs kysten tek han avfall, fisk og marine virvellause dyr. Arten søkjer føde både gåande og symjande og kan snappe insekt under flyging.
Andesmåsen hekkar hovudsakleg i juli og august. Han kan hekke enkeltvis, men oftare i små koloniar. Reira ligg langs elvebreidder og på øyar i elvar og innsjøar. Kullet består vanlegvis av to eller tre egg, men eitt eller fire kan òg førekome. Rugeperioden, tida til ungane er flygedyktige og detaljar om foreldrestellet er ikkje kjende.
Lætet omfattar urolege, stundom dirrande terneliknande «yeeer»-rop, eit hest «raggh-aggh-keeaagh» og andre låge, raspande lydar.
Status
Verdas naturvernunion, IUCN, har vurdert andesmåsen som livskraftig (LC). Arten har eit stort utbreiingsområde, med populasjonsstorleik på omkring 150 000 individ. Det er ikkje identifisert umiddelbare trugsmål. Likevel kan han vere sårbar, sidan det ikkje finst store bestandar og hekkestadene ligg ved høgfjellsinnsjøar som i aukande grad vert påverka av jordbruk og menneskeleg aktivitet.
Kjelder
Denne artikkelen inneheld omsett tekst frå «Andean gull» frå , den 13. september 2025
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Måsefamilien Kategori:Fuglar i Argentina Kategori:Fuglar i Bolivia Kategori:Fuglar i Chile Kategori:Fuglar i Colombia Kategori:Fuglar i Ecuador Kategori:Fuglar i Peru
Kategori:Fuglar i andesregionen