Kristine Løfshus Solli () er ein norsk politikar frå Ap som frå 2025 representerer Sør-Trøndelag valdistrikt på Stortinget.

Solli vart vald inn i kommunestyret i Orkland ved valet i 2023, og valt som leiar av Løkken Arbeiderlag i 2025. Ho var fjerdekandidat ved stortingsvalet 2025. Ifølgje Faktisk.no var Solli ein av dei politikarane som møtte aller mest motstand i kommentarfeltet på TikTok.

Solli har ei doktorgrad i politikk frå Cardiff University, og vart i studietida nytta som ekspert av fleire norske medium under Brexit. Før ho vart stortingspolitikar jobba ho som butikkmedarbeidar på COOP Extra. Psykisk helse er hjartesaka hennar, og ho har vore open om at ho sjølv har slite med angst.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kristine L. Solli» frå , den 14. september 2025.

Bakgrunnsstoff Kristine L. Solli på Facebook Kristine L. Solli på Facebook Kristine L. Solli på Instagram Kristine L. Solli på LinkedIn Kristine L. Solli på TikTok

Kategori:Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Ap-politikarar i Sør-Trøndelag Kategori:Lokalpolitikarar i Orkland Kategori:Folk frå Orkland