Aga Burjatia var eit sjølvstyrt distrikt (okrug) i Russland. Det var del av Tsjita oblast, men samstundes eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden var Aginskoje, arealet var 19 300 km² og innbyggjartalet var 73 500 (2005). Den 1. mars 2008 vart distriktet slått saman med Tsjita oblast og danna det nye territoriet Zabajkalskij kraj.
mini|venstre|Kart over Aga Burjatia.
Aga Burjatia var fullstendig omslutta av Tsjita oblast, sør i Sibir, nær grensa til Mongolia. Området er berglendt, høgste punktet er fjellet Alkhanaj, 1663 meter over havet. Om lag 30 % av arealet er skogkledd. Klimaet er kontinentalt, med kalde vintrar og varme somrar. Middeltemperaturen i januar er frå –22 til –26 grader celsius, i juli +18 til +20 grader celsius.
Aga Burjatia har ingen stader med bystatus. Ved folketeljinga i 2002 var fleirtalet burjatar (62,5 %). Russarar utgjorde 35,1 % av folketalet.
Burjatane, eit mongolsk folkeslag, vart underlagt russisk herredøme i 1648. Busetjinga Aginskoje vart grunnlagd i 1781. Etter den russiske revolusjonen i 1917 var det kampar mellom sovjetiske og "kvite" styrkar i området. Sovjetmakta vart etablert i 1920. Det autonome distriktet vart oppretta 26. september 1937. Etter oppløysinga av Sovjetunionen vart Aga Burjatia eit russisk føderasjonssubjekt.
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Tidlegare russiske føderasjonssubjekt