Verdsmusikk (engelsk ) er ei nemning som i regelen dekkjer all musikk som ikkje fell inn under kategoriane vestleg popmusikk, vestleg klassisk musikk, eller musikkformer av amerikansk opphav, slik som jazz, hip-hop, country og rock.

Nemninga vart skapt på midten av 1980-talet av den britiske platebransjen for å kategorisere musikk som fall utanfor kategoriane nemnt ovanfor. Kategorien har vokse til å omfatta undersjangrar som ethnic fusion (Clannad, Ry Cooder, Enya osb.) og worldbeat.

Verdsmusikk kan òg brukast om popmusikk frå Afrika, Asia og Latin-Amerika, vestleg popmusikk som nyttar element frå dei nemnde kontinenta, og tradisjonsmusikk, som regel frå utanfor Europa og USA, men ikkje utelukkande. Nemninga vert nytta ulikt i ulike land, og det er ikkje uvanleg at popmusikk på fransk vert kategorisert som «world music» i amerikanske platebutikkar.

Omgrepet har vorte kritisert for å vere eurosentrisk og upresist, og for å vere lite egna for klassifisering av musikk. Utifrå eit musikalsk eller kulturelt synspunkt er det i utgangspunktet ingen fellestrekk mellom dei ulike musikksjangrane som fell inn under kategorien verdsmusikk.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Musikk Kategori:Musikksjangrar