mini|Satellittbilde av Shetlandsøyane. mini|Dei hardføre shetlandsponniane får lengre hår om vinteren.
Shetland eller Shetlandsøyane, òg omtala med det norrøne namnet Hjaltland, er ei øygruppe på 32 øyar nord for Skottland. Øyane vert elles kalla «Zetland». Shetlandsøyane ligg mellom Orknøyane og Færøyane, med eit samla areal på 1466 km². Det administrative senteret er Lerwick (som er ein engelsk versjon av det gamle namnet Leirvik), som ligg på hovudøya Shetland Mainland med ferjesamband til Orknøyane og Skottland.
Shetland er òg ein av 32 regionar i Skottland og eit tidlegare grevskap.
Geografi og naturtilhøve thumb|Berg ved Eshaness i nordlege Mainland.
Shetland strekkjer seg frå 59'51°N til 61°N og '45°V til 1'45°V. Den nordlegaste øya Unst ligg på line med Anchorage i Alaska, Bergen, St. Petersburg i Russland og den sørlege delen av Grønland. Frå hovudstaden Lerwick er det kortare avstand til polarsirkelen enn til hovudstaden i Storbritannia, London. Det er òg kortare veg til jarnbana i Bergen enn jarnbana i Aberdeen. Frå nord til sør på Shetland er det 150 km og frå aust til vest er det 75 km. Kystlina er på 1450 km.
Landskap Sentrale og vestlege Mainland er prega av sund, innsjøar og tradisjonelle smågardar. Langs kysten ligg landsbyane Whiteness, Weisdale, Aith og Walls. I denne delen av Shetland ligg Tingwalldalen som i den norske perioden var sete for eit årleg parlament kalla Allting, som vart halde på Lawting Holm i innsjøen Tingwall Loch. Kystlina nord på Mainland er prega av takkete, svarte berg, steinhaugar, skjer og blåsehol. Den smale halvøya som strekkjer seg 40 km sør frå Lerwick er kjend som sørlege Mainland. Landskapet er prega av sjøfuglkoloniar, og området har ein stor konsentrasjon av arkeologiske funnstader.
Øya Yell er prega av forblåsne heiar. Unst er den nordlegaste folkesette øya i Dei britiske øyane og har store berg, lyngheiar og ferskvassjøar, og ein subarktisk steinørken. Hermaness naturreservat ligg på denne øya.
Fetlar er kjend som Shetlands hage. Namnet kjem truleg frå norrønt og tyder Fettland på grunn av dei fruktbare beita og det gode, dyrkbare landet.
Øya Noss, som ligg på austsida av Bressay, er eit nasjonalt naturreservat og har store sjøfuglkoloniar om sumrane.
Foula, som tyder fugleøya på norrønt, har vorte utpeikt som eit særskild verneområde for fuglar og har den største samlinga av storjo i verda. Berga på Foula er dei høgaste på Shetland med høgder på opp til 360 meter.
Den mest fjerntliggjande av Shetlandsøyane, Fair Isle, (Fridarey – 'Fredsøya') er kjend for sine strikkeprodukt og for sine store sjøfuglkoloniar med sjeldne trekkfuglar kvar vår og haust.
Landskapet på Out Skerries er sprokne berg, steinhaugar, bukter og strender. Papa Stour ligg vest for Mainland og har same landskap som Out Skerries.
Whalsay (Kvaløya) var eit fiskarsentrum før, og er det framleis. Det har budd menneske her i meir enn 4000 år, og det er mange viktige restar etter dei spreidde over øya, inkludert "Standing Stones" (megalittiske monument).
Øyar Øygruppa har omkring 100 øyar og holmar, der berre 15 er busette og Mainland den mest folkerike. Andre busette øyar i hovudøygruppa Bressay Bruray Burra Fetlar Foula Muckle Roe Papa Stour Trondra Vaila Unst Whalsay Yell. Busette øyar utanfor hovudøygruppa Fair Isle Out Skerries (Housay og Bruray)
Nokre folketomme øyar Balta Gruney Lamba Mousa Muckle Flugga Noss Ve Skerries Vementry
Klima mini|Sandtombolo mellom Mainland og St. Ninian's Isle.
Shetland har eit temperert atlanterhavsklima, som medfører at sumrane i regelen er yre, lyse og kjølige. Dei mest solfylte månadene er perioden frå april til august, og har på det meste 19 timar med sollys i løpet av eit døger. Vintrane er mørke og milde, og talet på soltimar per dag er under seks.
Normal årleg nedbør er 1037 mm, som er halvparten av Fort William på vestkysten av Skottland. 3/4 av nedbøren kjem om vinteren. Den turraste perioden er frå april til august, og skodde er vanleg på austkysten av Mainland om sumaren.
Gjennomsnittstemperatur i kaldaste månadShetlands turistbyrå , 8. november 20064,9 °C (februar)Gjennomsnittstemperatur i varmaste månad14 °C (august)Dagar i året med kuldegrader33 dagarÅrleg nedbør1037 mmDagar i året med snøfall70 dagarNedbørdøger i året269 døgn
Klimatabell for Lerwick:
Måned Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År Maks. temperatur °C 4 4 6 9 12 13 15 15 12 10 7 5 9,3 Min. temperatur °C 1 0 1 3 5 7 9 9 7 5 2 1 4,1 Soltimar per dag 1 2 3 4 5 6 6 5 4 2 1 0 3,2 Regndøger per månad 22 19 16 15 14 15 16 17 18 20 23 21 216 Havtemperatur °C 5 5 5 6 7 9 11 12 11 10 8 6 8
Flora mini|Myrull.
Landskapet på Shetland er prega av sauer som beiter og få tre. Plantelivet på Shetland er prega av arktisk-alpine planter, villblomar, bladmosar og lav. Landskapet på nordlege Mainland og Unst er prega av fjellmark, der vegetasjonen er sparsam og dominert av stein. Plantene som veks her er jamnast arktiske og nokre er stadeigne, slik som Cerastium nigrescens var. nigrescens.
Rundt halvparten av Shetland er dekt av torv, nokre stader opp til over ein meter tjukk. Desse områda er jamnast våtmark og manglar næringsstoff, slik at berre eit fåtal planteartar har vekstgrunnlag. Døme på slike planter er myrull, rome, blåfjør og tepperot.
Fauna Shetland har nokre av dei største fuglekoloniane i Nord-Atlanteren og over ein million fuglar frå 21 sjøfuglartar hekkar i øygruppa kvar sumar. Dei fleste held til i store koloniar på Hermaness, Foula, Mousa, Noss, Sumburgh Head og Fair Isle. Nokre av fuglane er havsule (54 000), lomvi (175 000), lundefugl (200 000), havhest (360 000), stormsvale, vipe og gjerdesmett. Mange arktiske fuglar overvintrar på Shetland, mellom anna songsvane og islom.
mini|Havhesten er den mest vanlege fuglen på Shetland.
Det er store koloniar av havsule, lundefugl og andre alkefuglar på Noss og Hermaness og nokre mindre på Foula og Fair Isle. Mange av den aggressive fuglen storjo og eit mindre tal av tjuvjo hekkar på Hermaness og Foula. Setnaden av raudnebbterne har i dei seinare åra gått ned, men når fuglane kjem, reknar øybuarane det som eit signal om at sumaren er komen.
Andre vanlege fuglar er måse, ærfugl og skarv, men desse setnadene er små i høve til havhestsetnaden på 360 000. Stormsvale hekkar i store koloniar på Mousa.
Etter at hekkesesongen er avslutta, vert fuglekoloniane tomme, ternene dreg sørover, medan alkene og svalene dreg til havs.
Sjøfuglsetnaden har i dei seinare åra auka både i talet på individ og talet på artar, som til dømes havsule, havhest, storjo og alkefuglar. Nokre arter har likevel gått attende, som til dømes terner og krykkje.
Alle landpattedyra på Shetland er introduserte av mennesket. Ein reknar med at oter, skogmus og husmus kom til øyane med dei fyrste norske busetjarane. Alle andre landpattedyr, utanom brunrotte er innført i løpet av dei siste hundreåra.
Kval er eit vanleg syn langs kysten med nise som den mest vanlege arten. Større kvalar ser ein ved ytterkanten av kontinentalsokkelen og desse kan koma inn mot land om sumaren, særleg ved Sumburgh Head. Dei mest vanlege artane av større kvalar er vågekval og knølkval som fylgjer straumen av makrell og sild. Delfinar av typen kvitskjeving (Lagenorhynchus acutus), kvitnos (Lagenorhynchus albirostris), rissodelfin (Grampus griseus) er ofte sett langs austkysten, samt at fleire flokkar av spekkhoggarar har fast tilhald rundt øygruppa.
mini|Steinkobbe er eit av tre pattedyr som føder på Shetland.
Otrane held for det meste til på folketomme stader og setnaden utgjer 800 individ. Strendene på Shetland og dei skjerma sunda er tilfluktsstader for både gråsel og steinkobbe. Selsetnaden er på 3500 gråsel og 6200 steinkobbe. Dei største koloniane for steinkobbe er på Mousa og utanfor Lerwick, medan gråselen held til på folketomme øyar der den største kolonien er på Ve Skerries. Saman med niser er selane dei einaste sjøpattedyra som føder på Shetland. I tillegg har Shetland den største setnaden av oter i Storbritannia, der dei fleste held til på Yell.
Shetland har fleire stadeigne og sjeldne rasar, slik som shetlandsponni, shetlandsku, shetlandsgås, shetlandsand og shetlandssau. Setnaden av shetlandssau utgjer over 330 000 og finst i 50 fargevariasjonar.
Sølvfisk finst langs kysten, spesielt ved dei mange skipsvraka ved Shetland. I tillegg er det delfinar og spekkhoggarar langs kysten, spesielt på sørspissen av Mainland.
Folkesetnad mini|To damer med shetlandsponni. Biletet er teke i 1900 på Shetland.
Shetland hadde ein folkesetnad før piktarane kom til øyane, men det er lite ein veit om denne folkegruppa. Historiske, arkeologiske og lingvistiske tilhøve og stadnamn indikerer ein sterk norrøn kulturell dominans på øyane i vikingtida.Jones G. (1984) A History of the Vikings Oxford University, Forlag: Oxford. Det er ukjent om piktarane vart tekne opp i den norrøne folkesetnaden eller drivne bort. Nokre få stadnamn kan ha piktarisk opphav, men dette er omstridd. Fleire genetiske undersøkingar er gjorde på dagens folkesetnad for å søkja å finna opphavet deira. Øyfolket har tilnærma identiske delar av skandinaviske mannlege og kvinnelege genar (44%), noko som tyder på at øyane vart folkesett av både skandinaviske menn og kvinner. Desse funna gjeld òg for Orknøyane og den nordlege og vestlege kysten i Skottland. Stader på dei britiske øyane som ligg lenger frå Skandinavia enn Shetland og Orknøyane viser teikn til å vera koloniserte av skandinaviske menn som stifta familie med lokale kvinner.Artikkel i Nature: Genetic evidence for a family-based Scandinavian settlement of Shetland and Orkney during the Viking periods
Etter at Shetland vart overført til Skottland emigrerte tusenvis av skotske familiar til øyane på 1500- og 1600-talet. Kontakt med tyskarar og nederlendarar gjennom fiskehandelen førte til ein mindre immigrasjon frå desse landa. Den andre verdskrigen og funn av olje har òg ført til auke i folketalet på grunn av immigrasjon.
Folketalsutvikling Folkeveksten på Shetland har i tidlegare tider vorte påverka av dødsfall på sjøen og epidemiar. Kopper råka øygruppa hardt på 1600- og 1700-talet. Men etter at vaksinering vart utbreidd etter 1760, auka folketalet til 40 000 i 1861. Folkeauken førte til mangel på mat og mange unge menn drog ut for å tenestgjera i den britiske handelsflåten. 100 år seinare var folkesetnaden på øyane meir enn halvert. Folketalsnedgangen skuldast at mange av dei mannlege innbyggjarane på Shetland omkom i torpederte handelsfartøy under dei to verdskrigane og at mange utvandra på 1920- og 1930-talet. Det er no fleire med shetlandsk bakgrunn som bur i Canada, Australia og New Zealand enn på Shetland.
DistriktFolkesetnad 1961Folkesetnad 1971Folkesetnad 1981Folkesetnad 1991 Folkesetnad 2001Bound Skerry (& Grunay)33000Bressay269248334352384Bruray3435332726East Burra9264787266Fair Isle6465586769Fetlar127881019086Foula5433394031Housay7163495850Mainland13 28212 94417 72217 56217 550Muckle Flugga33000Muckle Roe1039499115104Noss03000Papa Stour5524333325Trondra201793117133Unst1 1481 1241 1401 055720Vaila95012West Burra561501767817753Whalsay764870103110411034Yell1155114311911075957Totalt17 81417 32722 76822 52221 990 Kjelde: Scottishislands.org.uk , 18. november 2006
Busetnadsmønster På den austlege delen av hovudøya Mainland ligg den einaste byen i øygruppa, Lerwick. Åtte kilometer vest for Lerwick ligg den gamle hovudstaden på Shetland, Scalloway, som er dominert av det gamle slottet med same namn. Fem kilometer sør for Scalloway ligg fiskarlandsbyen Hamnavoe.
På den vestlege delen av Mainland ligg tettstadene Walls, Sandness, Sandwick, Aith og Voe. På den nordaustlege delen av Mainland ligg tettstaden Vidlin.
På øya Unst ligg tettstadene Haroldswick, Baltasound og Uyeasound.
Samfunn Lokalstyre