høgre|mini|Eit kongeleg portrett med sterke mytiske overtonar: Dronning Elisabeth av Romania, fødd som tysk prinsesse, iført rumensk nasjonalkostyme, med teine og spindel. Tekstilar med særskild tyding opptrer ofte i folkeminne og mytologi frå gamal tid av. Truleg spreidde ein tapt mytisk folklore seg i lag med den tidlege utbreiinga av kunsten å laga tekstilar. Tekstilar er også blitt knytte til edderkoppar i kulturen i fleire tradisjonar.

Veving byrjar med spinning. Fram til rokken blei funnen opp på 1400-talet, spann ein med handtein og spindel. Omgrepet «spinnesida» (på engelsk distaff side) viser til slektningar på morssida, og viser til kvinnerolla i hushaldsøkonomien. I svensk tradisjon er stjernene i Orionsbeltet også kjende som Friggerocken og Friggaten, ‘Frigg si handtein’.

Handtein går att som eit symbol på tryggleik og rolege tider, som i ein inskripsjon frå det åttande hundreåret f.Kr. ved Karatepe:

I stader som før var frykta, der ein mann var redd for å gå på vegen, gjekk til og med kvinner med handteinar i mine dagar.

Frå den tilstøytande regionen i Nord-Syria fortel historikaren Robin Lane Fox om gravstelar der menn er avbilda med drikkekar som om dei feirar og kvinner som sit vende mot dei med handteiner.Sitert i Fox, Robin Lane (2008). Travelling Heroes in the Epic Age of Homer. Vintage Books. s. 77.

Egypt I førdynastiske Egypt var nt (Neith) allereie gudinna for veving (i tillegg til å òg vera ein mektig hjelpar i krig). Ho verna den raude krona i nedre Egypt før dei to kongerika blei sameinte, og i dynastisk tid var ho kjend som «den eldste», den dei andre gudane gjekk til for visdom. Ifølgje E. A. Wallis Budge i The Gods of the Egyptians er røtene til ordet for «veving» og for «å vera» den same: nnt.

Hellas mini|portrett=1.4|Romersk mosaikk som viser dei tre nornene ved fødselen til Akilles. I gresk mytologi er dei tre moirene (‘lagnadane’) dei tre kvinnene som styrer skjebnen ved å spinna livsens tråd på handteinen. Ariadne, prinsessa i minoanske Kreta og seinare kona til guden Dionysos, hadde den spunne tråden som førte Thesevs til sentrum av labyrinten og trygt ut igjen.

Blant dei olympiske gudane er Atene gudinna for vevnad. Ho blei likevel overvunnen i ei tevling av eleven sin Arakne, som Atene straffa ved å gjera henne om til ein edderkopp. Døtrene til Minyas, Alkithoe, Levkonoe og syster deira, utfordra Dionysos og æra Atene gjennom vevinga si i staden for å ta del i festivalen hans. Ein voven peplos, lagt på knea til avbildinga av gudinna, var sentral i festivalane som æra både Atene i Aten og Hera.

I Odysseen vov Penelope, den trufaste kona til Odyssevs, ein vevnad om dagen som ho rekka opp att om natta, for å halda belarane frå å gjera krav på henne i dei lange åra medan Odyssevs var borte. Vevinga til Penelope er til tider blitt samanlikna med den til dei to vevande trollkvinnene i Odysseen, Kirke og Kalypso. Helena av Troja sit ved veven i Iliaden for å illustrere disiplinen, arbeidsmoralen og merksemda si til detaljar.

I romersk litteratur fortel Ovid i Metamorfosar (VI, 575-587) den grufulle soga om Filomele, som blei valdteken og fekk tunga si skoren av slik at ho ikkje kunne fortelja om ugjerninga. Vevstolen blei røysta hennar, og soga blei fortalt i utforminga av vevnaden, slik at systera Prokne kunne forstå og kvinnene kunne ta hemn.

Germansk Rituelt nedlagde handteiner og vevdelar blei deponerte med Dejbjergvognene frå jernalderen, to vogner funne rituelt deponerte i ei torvmyr i Dejbjerk på Jylland.Found in the 1880s; noted by Grigsby, John (2005). Beowulf and Grendel: the Truth behind England's Oldest Myth. Watkins. s. 57, 113f. . Sjå diskusjon om dei rituelle vognene i danske myrer i Glob, Peter Vilhelm & Bruce-Mitford, Rupert (om.) (1988). The Bog People: Iron-Age Man Preserved. New York Review. s. 166-71. .

I norrøn kultur var gudinna Frigg knytt til veving. Kvadet Darraðarljóð, som er sitert i Njålssoga, gjev ei detaljert skildring av valkyrjer som kvinner som vever på ein vev med avskorne hovud som vekter, piler som skytlar og tarmar til renning, og syng ein jublande song om slakt. I seinare germansk mytologi var Holda (Frau Holle) og Perchta (Frau Perchta, Berchta, Bertha) begge kjende som gudinner knytte til spinning og veving. Dei hadde mange ulike namn.

Holda, som også blei rekna for å kontrollera vêret, ei kjelde til fruktbarheit for kvinner, og vernar for ufødde barn, støttar alle spinnarar, og løner dei arbeidssame og straffar dei late. Holda lærte vekk løyndommen bak å laga lintøy av lin. Brørne Grimm samla inn ei skildring av Holda som dei gav ut som eventyret «Frau Holle». Eit anna av Grimm-sogene, «Spindel, Weberschiffchen und Nadel» (‘Handtein, skyttel og nål’), løner den arbeidssame spinnaren i eit eventyr med mytisk gjenklang.

Eventyret fortel korleis den magiske handteinen flyg ut av handa til jenta som er hovudperson i soga og let etter seg ein tråd som prinsen følgjer, slik som Theseus følgde tråden til Ariadne, for å finna det han søker: ei brur «som er den fattigaste, og på same tid den rikaste.» Han finn den enkle hytta hennar vakkert dekorert med dei magisk produkta skapt med handtein, skyttel og nål.

Keltarar Gudinna Brigantia, som blei identifisert med den romerske gudinna Minerva, kan òg ha vore rekna som ein vevgud, i lag med andre trekk.

Fransk tradisjon Vevarar hadde eit stort repertoar av historier. På 1500-talet sette Jean d'Arras, ein nordfransk historieforteljar (trouvère), saman ei samling historier med tittelen Les Évangiles des Quenouilles (‘Spinnarsoger’). Rammeforteljinga er at dei blir fortalde av ei gruppe kvinner som spinn.

Baltarar I baltisk mytologi er Saulė den livsgjevande solgudinna som har eit hjul eller ein rosett som symbol. Ho spinn solstrålene. Det baltiske sambandet mellom sola og spinning kan førast attende til handteinar av solstein, rav, som er blitt funne i gravhaugar. Baltiske legender har teke til seg mange bilde frå kristendomen og greske mytar som ikkje er lette å skilja frå den opphavlege mytologien.

Finsk tradisjon Det finske eposet Kalevala har mange referansar til tekstilarbeid og samband mellom guddommar og tekstilar. Sinettaret og Kankahattaret blir nemnde som gudinner for høvesvis farging og veving. Månegudinna Kuutar spinn gyllent garn og vever klede av det. Borna til sola og månen er også dyktige spinnarar og vevarar.

Seinare europeisk folklore portrett|mini|Eva spinn. Frå den engelske Hunter-psalteren, ca. 1170.

Eva var sterkt knytt til spinning i kristen mellomaldertradisjon, sjølv om dette ikkje er skriftfest i Fyrte mosebok. I ein illuminert illustrasjon i Hunte-psalteren frå 1200-talet blir Eva vist med linstav og handtein.

Ei kvinne av høg rang som blei sendt som gissel-kone til ein framand konge blei ofte omtalt som «fredsvevar», som knyter kvinnekunst til den kjende rolla til ei kvinne som ei dynastisk brikke. Frasen oppter i det engelske diktet Widsith,

I seinare europeisk folkloren heldt veving sambandet sitt til magi. Gåsemor, ein tradisjonell eventyrforteljar, er ofte assosiert med spinning.Tatar, Maria (1987). The Hard Facts of the Grimms' Fairy Tales. s. 114. Ho spann utrulege historier som kunne fengsla born.

Eit gammalt eventyr om ein far som skryt av at dottera hans kan spinna halm til gull, og som så blir tvinga til å visa dette talentet, er kjend frå Grimm-soga «Rumpelstilzchen». Rumpelstiltskin var ein gamal historie då Brørne Grimm samla det. I eventyr som «De tre mostrene» i Norske Folkeeventyr eller «Die drei Spinnerinnen» frå Grimm blir ei ung kvinne redda frå hardt tekstilarbeid gjennom føredøme frå tre gamle kvinner som seier dei er blitt øydelagde av slikt arbeid. I «De tolv villender» og «Die sechs Schwäne» må ei ung kvinne laga klede til brørne sine, utan å snakka, for å redda dei frå ein dyreham. «Tornerose» finst i ei rekkje former, og blir i alle formene formene forbanna etter at ho stikk seg i fingeren på ein handtein.Tatar, Maria (1987). The Hard Facts of the Grimms' Fairy Tales. s. 115–8,

Jacob Grimm rapporterte om overtrua «om ein mann, medan han rir til hest over land, skulle koma over ei kvinne som spinn, då er det eit veldig dårleg teikn; han burde venda om og ta ein annan veg.» (Deutsche Mythologie 1835, v3.135)

mini|The Lady of Shalott av William Holman Hunt, måla frå 1888 til 1902.

I diktet «The Lady of Shalott» av Alfred Tennyson har dei vovne representasjonane hennar av verda både verna og fanga Elaine av Astolat. Måleriet til William Holman Hunt til diktet kontrasterer det fullstendig mønstervovne interiøret med den solfylte verda utanfor som blir reflektert i spegelen.

Inkaer I mytologien til inkaene lærte gudinna Mama Ocllo folk kunsten å spinna, veva og sy.

Kina

I Tang-dynastiet i Kina flaut vevegudinna ned frå himmelen på ein månestråle med to tenarar. Ho viste den klanderfrie hoffmannen Guo Han i hagen hans at klednaden hennar var utan saumar, fordi han var voven utan bruk av nål og tråd, heilt på ein vev. Frasen «gudinna har ei saumlaus drakt» blei brukt for å visa til perfekt arbeid. Dette uttrykket blir òg nytta om ein perfekt, omfattande plan. Vevargudinna, dottera til Den himmelske dronningmora og Jadekeisaren, vov stjernene og lyset deira, kjent som «Sølvelva» (kalla «Mjølkevegen» i vesten), for himmelen og jorda. Ho blei identifisert med stjerna kjend som Vega i vesten. I ei 4000 år gammal legende kom ho ned frå himmelhoffet og blei forelska i den dødelege Bøffelguten (eller Kugjetaren), knytt til stjerna Altair. Den himmelske dronningmora blei sjalu og skilde elskarane, men vevargudinna slutta å veva Sølvelva, slik at himmelen og jorda blei truga med mørke. Dei skilde elskarane kunne møtast ein gong i året, på den sjuande dagen av den sjuande månaden.Jung Chang, Wild Swans: Three Daughters of China, New York: Touchstone, 2003, reprint, GlobalFlair, 1991, s. 429

Japan

Det japanske eventyret «Tsuru no Ongaeshi» har eit vevetema. Ein trane som blir redd av eit barnlaust eldre par, dukkar opp for dei i form av ei jente som tek seg av dei i takksemd for godleiken deira, og blir adoptert som dottera deira. Ho byrjar i løynd å veie fantastisk vakre klede for paret til å selja, under vilkåret om at dei ikkje må sjå henne veva. Sjølv om paret fyrst følgjer avtalen, blir dei overvelda av nysgjerrigheit og finn ut at jenta er kranen som har vove kledet frå sine eigne fjører. Då identiteten hennar blir oppdaga må ho forlata det angrande paret. Ein variasjon av soga erstattar det eldre paret med ein mann som gifter seg med kranen når ho tek form av ei ung kvinne.

Kristen hagiografi mini|Den svangre jomfru Maria spinn medan Josef tvilar. Tysk måleri frå kring 1400. mini|Heilage Veronika med veronikakledet, måla av Hans Memling. Fleire individ er blitt utnemnde til vernehelgenar for ulike aspekt av tekstilarbeid. Mytologien og folkloren knytte til dei kan ein finna i dei respektive hagiografiane deira.

Protoevangeliet til Jakob fortel at den heilage jomfru Maria vov på forhenget til det aller heilagaste då kunngjeringa om at ho skulle føda frelsaren fann stad.

Tekstilar generelt: Anthony Mary Claret er ein katolsk vernehelgen for tekstilhandlarar. Heilage Homobonus er vernehelgen for skreddarar og tekstilarbeidarar. Heilage Mauritius blir sett på som ein vernehelgen for vevarar, fargarar og framstilling av klede generelt i den koptiske, den orientalske ortodokse kyrkja, den romersk-katolske kyrkja og den austlege ortodokse kyrkja. Paraskeva av Balkan er vernehelgen for broderarar, nålearbeidarar, spinnarar og vevarar blant austleg-ortodokse. Blasius er vernenelgen for tøyhandlarar Fargarar: Lydia frå Thyatira, ein figur i Det nye testamentet, er vernehelgen for fargarar i både katolske og ortodokse tradisjonar. Valking: Anastasius av Salona er vernehelgen for valking i den katolske kyrkja.