Otto Grieg Tidemand () var ein norsk skipsreiar og politikar frå Oslo. Han var statsråd 1965-71 i Borten-regjeringa, medlem i partiet Høgre.

Tidemand deltok som flygar i den andre verdskrigen. Etter krigen var over arbeidde han mange år som skipsmeklar, frå 1960 var han skipsreiar. Frå 1962 var han medlem i Høgre sitt sentralstyre. Hausten 1965 fekk han posten som forsvarsminister i ei koalisjonsregjering leia av Per Borten. I juni 1970 vart han flytta over i Handels- og skipsfartsdepartementet. Etter Borten-regjeringa gjekk av i mars 1971, hadde Tidemand ei rekke sentrale verv innom norsk industri, så som styreformann i oljeselskapet Saga Petroleum, reiarlaget Kosmos, Atlas Copco Norge, Vesta Hygea, Norske Fina og Store Norske Spitsbergen Kulkompani.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Otto Grieg Tidemand» frå , den 3. november 2025.

Kategori:Norske skipsreiarar Kategori:Norske handelsministrar Kategori:Norske forsvarsministrar Kategori:Høgrestatsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Borten Kategori:Folk frå Oslo