mini|Gundestrupkjelen med den hjortehorna Cernunnos. Kjelen er truleg laga i det noverande Romania og blei ofra i ei myr i Danmark. No på Himmerland Museum i Gundestrup. mini|Kjerneområdet til La Tène-kulturen (oransje) og utbreiinga til den keltiske kulturen kring 400 f.Kr. La Tène-kulturen er ein kultur som blir spora til jernalderen i Nord-Europa. Kulturen har fått namn etter funnplassen i La Tène rett nord for Neuchâtelsjøen i Sveits. Plassen blei graven ut etter funn gjort av Hansli Kopp i 1857. Her blei det observert restar av store trekonstruksjonar under ein tørkeperiode der vasstanden i innsjøen sokk. Tidlege utgravingar gav rike funn, og blei snart følgde av fleire utgravingar i området.

Datering av La Tène Kulturen blei raskt delt inn i ulike periodar på bakgrunn av funna som blei gjort. Den eldste perioden omfattar tida omkring år 600 f.Kr., mellomperioden utgjer tida 450-100 f.Kr. og den yngste perioden hundreåret f.Kr. Kulturen forsvann og spora stansa nesten heilt med bløminga til Romarriket.

Kvar La Tène-kulturen kjem frå er omdiskutert. Han omfatta området frå Marne i austre Frankrike og den nordre sida av Alpane til det øvre løpet av Donau. Metallhandverket frå La Tène er karakterisert av innvikla spiralar og vevmønster på vakkert utførte bronsekar, hjelmar og skjold, seletøy og luksussmykke, spesielt halsringar som blir kalla torcar og fibula-spenner. Han er vidare kjenneteikna av elegante stiliserte dyre- og plantemotiv, med element som minner om skytisk handverk frå mellom anna Ukraina, nærståande med geometriske mønster frå Hallstattkulturen. Også i andre område har det dukka opp La Tène-materiale, mellom anna i Irland og Storbritannia, Spania, Bourgogne og Austerrike.

La Tène-kulturen Det store kontaktnettet til kulturen er tydeleg gjennom gravrituale og rike gravgåver. Ei grav i Vix i Frankrike frå 500-talet f.Kr. inneheldt den største bronsegryta som nokon gong er funnen. Ho hadde eit volum på ca. 1100 liter, og var truleg laga i Hellas. Gravene inneheldte ofte ein grift med offergåver. Dette kunne til og med inkludera menneskeofringar. Ved fleire tilfelle har det dukka opp avhogde hovud i avbildingar.

Kjende La Tène-objekt

Strettweg-vogna (600-talet f.Kr.); i søraustre Austerrike (no på Landesmuseum Johanneum i Graz). Vogna har fire hjul med gudinnemotiv, ryttarar med økser og skjold, tenarar og hjortar. Gundestrupkjelen (100-200-talet f.Kr.); rituelt øydelagd offergåve funnen i ei myr i Danmark (no i Himmerland Museum i Gundestrup). Truleg laga i eller nær novarande Romania. Battersea-skjoldet (100 f.Kr.-0); funne i Themsen. Eit bronseskjeld med raud emalje (no på British Museum i London). Witnam-skjoldet (400-500-talet f.Kr.), no på British Museum i London

Sjå òg

Hallstattkulturen

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «La Tène-kulturen» frå , den 15. november 2025.

Kategori:Vitskap i 1857 Kategori:Jarnalderen Kategori:Arkeologiske kulturar i Europa