Klemen Slakonja () er ein slovensk skodespelar, songar, komikar, og musikar. Han studerte ved Akademiet for teater, radio, film og TV, og var tilsett ved Slovensk Nasjonalteater Drama i Ljubljana frå 2010 til 2018.
Slakonja er godt kjend i Slovenia for sine humoristiske musikalske sketsjar og , blant anna av kjende personar som Slavoj Žižek, pave Frans, Vladimir Putin, Donald Trump og Angela Merkel. Han har også vore programleiar for ulike TV-program, inkludert dei slovenske finalane for Eurovision Song Contest.
Slakonja representerte Slovenia i Eurovision Song Contest 2025 med songen «How Much Time Do We Have Left». I Eurovision Song Contest deltok han i den fyrste semifinalen, der han enda på 13. plass av femten deltakarar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Klemen Slakonja» frå , den 1. desember 2025.
Kategori:Slovenske songarar Kategori:Slovenske skodespelarar Kategori:Slovenske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Slovenske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-låtskrivarar