«Freedom» (norsk omsetjing 'fridom') er ein song av den georgiske songaren . Han er skriven av Keti Gabisziani og Buka Kartozia. Songen blei gjeven ut 17. mars 2025 og var det georgiske bidraget i Eurovision Song Contest 2025.
Bakgrunn og komposisjon «Freedom» blei komponert av Keti Gabisziani, med tekst skriven av Buka Kartozia. Teksten formidlar ein bodskap om håp og fastleik, og gjev tru på reisa som ligg framfor. Bilete av blå og skyfrie himlar, i tillegg til rolege, men samstundes stormfulle hav, forsterkar den emosjonelle krafta i songen. Teksten understrekar ein rein og urokkelig kjærleik til fridom og fedreland, mens Shengelia erklærer at ho ikkje har nokon andre rikdommar å søke.
Musikkvideo og promotering Musikkvideoen til songen ble regissert av Kakha Bukhrashvili, med kunstnarisk regi av Shako Popiashvili og Nino Tsulaia. Musikkvideoen hadde premiere samstundes med lanseringa av bidraget på den offisielle YouTube-kanalen til Eurovision Song Contest. Eurovision Song Contest 2025 Intern utveljing 14. mars 2025 kunngjorde (GPB) at «Freedom», framført av , var det georgiske bidraget til Eurovision Song Contest 2025. Shengelia hadde tidlegare forsøkt å representere Georgia i 2020, då hun kom på sjetteplass i den niande sesongen av det realitybaserte songprogrammet og artistutveljinga Georgian Idol. Songen blei vald ut blant 18 innsende bidrag til GPB, i tillegg til 20 bidrag sende inn av utanlandske komponistar.
I Eurovision Song Contest Under trekkinga av semifinalane den 28. januar 2025 blei Georgia trekt ut til å delta i den andre semifinalen, der dei opptredde i den fyrste halvdelen av showet. I semifinalen enda Georgia på 15. plass og gjekk dermed ikkje vidare til finalen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Freedom (Mariam Shengelia-sang)» frå , den 4. desember 2025.
Kategori:Georgiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Georgiskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Fleirspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Songar frå 2025