«Zjerm» (norsk omsetjing: eld) er ein song framført av den albanske duoen Shkodra Elektronike. Songen er skriven av Beatriçe Gjergji, Kolë Laca og Lekë Gjeloshi, med produksjon av Laca. Songen var det albanske bidraget i Eurovision Song Contest 2025.

Bakgrunn og komposisjon «Zjerm» er skriven av Beatriçe Gjergji og Lekë Gjeloshi, komponert av Beatriçe Gjergji og produsert av Kolë Laca. Gjergji skildra songen som eit «personleg verk med tekster som utforskar menneskeleg medkjensle», og kalla han også for «ein albansk song med ein moderne vri».

Det sentrale motivet i songen er eld, zjerm, som symboliserer styrke, rensing og fornying. Han blir skildra som noko som fell over stammedansar, som ei bru mellom tradisjon og forandring..

Songen uttrykkjer ei blanding av smerte, motstandskraft og håp, med biletbruk som understrekar viktigheita av indre fred og lengsle etter ei verd fri for vald, liding og miljø-øydelegging. Han oppfordrar til andeleg og sosial lækjedom og til anerkjenning av verdigheita til alle menneske – også dei som er gløymde eller marginaliserte.

Eurovision Song Contest 2025 Festivali i Këngës 63 Den 7. oktober 2024 blei «Zjerm» kunngjord som bidrag i . Songen konkurrerte i den første semifinalen den 19. desember, og kvalifiserte seg til finalen. I finalen 22. desember vann songen både jury- og telefonavrøystinga, og fekk dimed retten til å vere det albanske bidraget i Eurovision Song Contest 2025.

I Eurovision Song Contest Under trekkinga av semifinalane den 28. januar 2025 blei Albania trekt ut til å delta i den fyrste semifinalen, der dei opptredde i den andre halvdelen av showet. Albania kvalifiserte seg til finalen – etter å ha enda på andreplass i semifinalen. I finalen enda songen på åttandeplass med 218 poeng.

Listeplasseringar + Liste (2025) Høgasteplassering Hellas Internasjonal (IFPI) 8 Litauen (AGATA) 29 Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan) 13

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Zjerm» frå , den 6. desember 2025.

Kategori:Albanske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-songar Kategori:Albanskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Songar frå 2024