«La poupée monte le son» (norsk omsetjing ‘Dokka skrur opp lyden’) er ein song av den luxembourgske artisten . Songen er ei hylling til den luxembourgske Eurovision-vinnaren frå 1965, og er skriven av Christophe Houssin, Julien Salvia og Ludovic-Alexandre Vidal. Han blei gjeven ut 20. desember 2024. Ein ny versjon av songen blei gjeven ut 18. mars 2025. Songen var det luxembourgske bidraget i Eurovision Song Contest 2025.
Bakgrunn og komposisjon
«La poupée monte le son» blei skriven og komponert av dei franske låtskrivarane Christophe Houssin, Julien Salvia og Ludovic-Alexandre Vidal. Songen vert skildra som ei hylling til France Gall sin song «», som vann Eurovision Song Contest for Luxembourg i 1965. Under pressekonferansen etter sigeren i Luxembourg Song Contest 2025 uttala Laura Thorn at «ei dokke blir styrt av nokon. Den eg syng om let seg ikkje styre lenger», og viste dermed til ei motsett tilnærming enn i songen til Gall. I eit intervju med ESCBubble sa Thorn vidare: «Eg elskar at det er ei kopling til France Gall sin song, spesielt fordi han vann Eurovision akkurat for 60 år sidan, så eg syntes det var ein flott idé å verkeleg heidre Luxembourg og historia til landet i Eurovision Song Contest».
Ein ny versjon av songen blei lansert på strøymetenester 18. mars 2025.
Eurovision Song Contest 2025 Luxembourg Song Contest 2025 Laura Thorn blei offisielt kunngjord som deltakar i 19. desember 2024, og bidraget blei gjeven ut dagen etter. Songen var det sjette bidraget på scena i finalen, og fekk 94 poeng frå juryen og 90 poeng frå sjåarane, totalt 184 poeng, og vann dermed konkurransen og fekk æra av å vere det luxembourgske bidraget i Eurovision Song Contest 2025.
I Eurovision Song Contest Under trekkinga av semifinalane den 28. januar 2025 blei Luxembourg trekt ut til å delta i den andre semifinalen, der dei opptredde i den andre halvdelen av showet. Luxembourg kvalifiserte seg til finalen – då dei kom på sjuandeplass i semifinalen. I finalen enda songen på 22. plass med 47 poeng.
Listeplasseringar + Liste (2025) Høgasteplassering Hellas Internasjonal (IFPI) 73 Litauen (AGATA) 45 Luxembourg (Billboard) 6 Nederland (Single Tip) 25 Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan) 10 UK Singles Sales (OCC) 41
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «La poupée monte le son» frå , den 8. desember 2025.
Kategori:Luxembourgske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-songar Kategori:Franskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Songar frå 2024