«Maman» (skrive med små bokstavar) er ein song av den franske artisten . Han er skriven av Louane sjølv i samarbeid med Tristan Salvati, som også har produsert låten. Balladen blei gjeven ut 15. mars 2025. Songen var det franske bidraget i Eurovision Song Contest 2025.
Bakgrunn Songen «maman» er ei hylling til mora til Louane, som døydde av kreft i 2014, då Louane var 17 år gammal. I 2015 gav ho ut ein annan song med same tittel på debutalbumet Chambre 12.
I 2025 blei denne fyrste songen fjerna frå strøymetenester og erstatta med den nye versjonen. Louane kommenterte: «Det er sjølvsagt ei fortsetjing. Det er nokre ord som går igjen i begge, men det er to forskjellige songar. For første gang har eg det bra. Og det er derfor denne nye songen eksisterer. Eg vil at dette skal vere det eineste som blir hugsa – ikkje at vi blir verande i fortida.»
Den nye «maman» frå 2025 refererer fleire gongar til 2015-versjonen, og viser korleis Louane har omarbeidd sorga over mora si i løpet av dei siste ti åra. For eksempel opna 2015-songen med orda «Les amants passent de lit en lit» (Elskarar går frå seng til seng), mens 2025-sangen byrjar med «Y a plus d’amants, Y a plus de lits» (Ingen fleire elskarar, ingen fleire senger). Mens 2015-sangen hadde eit mørkare og meir melankolsk preg («Eg har det ikkje bra i hovudet […] Eg har mista smaken på glede […] Eg finn ingen meining i det eg søker»), er 2025-sangen meir positiv og opplyftande, med eit refreng som lyder: «Je vais mieux, je sais où je vais» (Eg har det betre, eg veit kor eg skal). Den nye songen viser til at Louane har funne kjærleiken og blitt mor sjølv – og at dette har hjelpt ho vidare.
«Maman» vart gjeven ut på vinyl, med ein instrumentalversjon som B-side. Både originalen og ein engelskspråkleg versjon av songen er med på sporliste til Louane sitt samlealbum Tiens mon best of (2025). Ein akustisk versjon av «Maman» vart gjeven ut 18. april 2025.
Eurovision Song Contest 2025 Intern utveljing Den franske ålmennkringkastaren, via , kunngjorde offisielt si deltaking i Eurovision Song Contest 2025 den 30. august 2024. Den 30. januar 2025 ble Louane presentert som landets representant. Den 15. mars 2025 avslørte ho bidraget sitt, «maman», og framførte det under pausen i kampen mellom og på Stade de France i forbindelse med i 2025.
I Eurovision Song Contest Eurovision Song Contest 2025 fann stad i i Basel i Sveits og bestod av to semifinalar den 13. og 15. mai, og finalen den 17. mai 2025. Som eit av «dei fem store landa» i Eurovision Song Contest, var Frankrike direktekvalifisert til finalen laurdag 17. mai 2025. I finalen enda «Maman» på sjuandeplass med 230 poeng.
Listeplasseringar + Liste (2025) Høgasteplassering Frankrike (SNEP) 23 Hellas International (IFPI) 21 Litauen (AGATA) 39 Luxembourg (Billboard) 18 Nederland (Single Tip) 8 UK Singles Sales (OCC) 76
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Maman (Louane-sang)» frå , den 14. desember 2025.
Kategori:Franske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-songar Kategori:Franskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Songar frå 2025