Rune Bakervik () er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. I 2025 vart han vald inn som stortingsrepresentant frå Hordaland. Han var byrådsleiar i Bergen (2022–2023), ordførar i Bergen (2021–2022) og varaordførar (2019–2021), og har dessutan vore byutviklingsbyråd. Han er au kjend for engasjementet sitt for fotballklubben Brann.
Bakgrunn Utdanning Bakervik har somme studiar innan samfunnsvitskap. Han byrja au på hovudfag i sosiologi, men fullførte ikkje. Seinare tok han vidareutdanning i arbeidsrett og leiing.
Yrkesbakgrunn I 2011 vart Bakervik tilsett som regionleiar i Handel og kontor.
Sportsklubben Brann Bakervik er ein ivrig supporter av Sportsklubben Brann og har vore både supportersjef og turneringsleiar for klubben. Han er au leiar i valkomitéen til klubben.
Politisk karriere I 2003 vart han vald inn i Bergen kommunestyre for Arbeidarpartiet. I 2010 vart han vald som leiar for Arbeidarpartiet i Bergen. I perioden mellom 2015 og 2019 var han gruppeleiar for bystyregruppa til Arbeidarpartiet, fram til han i juni 2019 vart utnemnd som byutviklingsbyråd, ein post han hadde fram til etter kommune- og fylkestingsvalet hausten 2019. Då vart han vald til varaordførar i Bergen for perioden 2019–2023. Etter at ordførar Marte Mjøs Persen vart vald inn på Stortinget hausten 2021, vart Bakervik valt av bystyret til å taka over ordførarvervet for den resterande perioden.
Etter at Roger Valhammer trekte seg som byrådsleiar, vart Bakervik nominert som byrådsleiarkandidat av Bergen Arbeidarparti. Mot utgangen av oktober 2022, vart Bakervik beden om å danna eit nytt byråd og gjekk såleis av som ordførar når han formelt fekk dette gjort. Ved kommunevalet i 2023 mista Ap-byrådet grunnlaget sitt for fleirtal i bystyret, og Bakervik gjekk av som byrådsleiar.
Hausten 2024 vart Bakervik vald til andreplassen på lista til Arbeidarpartiet til stortingsvalet i 2025 etter kulturminister Lubna Jaffery. Arbeidarpartiet fekk fire mandat frå Hordaland, og frå 1. oktober 2025 vart Bakervik dimed stortingsrepresentant.
Bakervik var au politisk rådgjevar for forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) i 2009.
Stortingskomitéar 2025–2029: Medlem av Utanriks- og forsvarskomitéen
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rune Bakervik» frå , den 10. februar 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Sportsklubben Brann Kategori:Byrådar i Bergen Kategori:Politikarar frå Bergen Kategori:Ordførarar i Bergen Kategori:Ap-ordførarar i Vestland Kategori:Ap-politikarar i Hordaland Kategori:Ap-politikarar i Vestland Kategori:Norske fagforeiningsleiarar Kategori:Norske sosiologar