Christofer Olivius Ferslew, fødd Larsen, () var ein norsk jurist og politikar frå Skien. 1928–30 var han stortingsmann for partiet Høgre.

Advokatsonen Larsen/Ferslew vart i 1899 utdanna cand.jur. frå universitetet i Oslo. Fram til 1901 var han fullmektig hos sorenskrivaren i heimbyen Skien. Sidan var han frå 1902 til 1929 sakførar i Skien. Her var han medlem av Skien bystyre periodane 1911–13 og 1917–22. Gjennom stortingsvalet hausten 1927 vart Ferslew vald til å representere kjøpstadane i fylka Telemark og Aust-Agder i Stortinget 1928–30, og vart medlem i Protollkomiteen. I 1929 fekk han stillinga som byfut i Ålesund, eit embete han hadde til 1937. Sistpå var han sorenskrivar i Larvik fram han døydde.

Ferslew var ein ivrig jeger og friluftsmann, i si tid formann i Telemark jæger og fiskerforening og seinare i Ålesund jeger- og fiskerforening.

Kjelder Vilhelm Haffner: Stortinget: 1928-30.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Norske juristar Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Folk frå Skien