Seán Ó Riada, (fødd John Reidy; ) var ein irsk komponist og arrangør av irsk tradisjonsmusikk. Gjennom blandinga si av moderne og tradisjonelle teknikkar blei han den mest innverknadsrike figuren i gjenopplivinga av irsk folkemusikk på 1960-talet.
Ó Riada blei fødd i Cork, og byrja som musikkdirektør ved Radio Éireann i 1954. Etter dette arbeidde han ved Abbey Theatre frå 1955 til 1962. Han førelas om musikk ved University College Cork frå 1963 til han døydde i 1971, 40 år gammal. Han blei eit kjent namn i Irland gjennom musikkutøving, komposisjonar, skrivingar og kringkasting. Dei mest kjende stykket hans i den klassiske tradisjonen inkluderer Nomos No. 1: Hercules Dux Ferrariae (1957), men han var særleg kjent for filmmusikken sin til Mise Éire (1959) og Saoirse? (1960). Han fekk ein varig innverknad som grunnleggar og leiar av ensemblet Ceoltóirí Chualann (frå 1961). Musikken hans har halde seg til våre dagar: messa hans på irsk blir framleis framført i mange kyrkjer i dei irskspråklege delane av Irland.
Bakgrunn mini|277x277pk|Koparskulptur av Séan Ó Riada. Ó Riada blei fødd som John Reidy i Cork. Dei fyrste åra sine budde han i Adare i Limerick, der far hans var stasjonert for Garda (det irske politiet). Etter å ha byrja på skulen i Adare, var han seinare elev ved St Finbarr's College i Farranferris. Medan han var der fekk han musikkutdanning frå Aloys Fleischmann (Senior). Han flytta til St Munchin's College i Limerick der han tok Leaving Certificate i 1948.
Han spelte fiolin, piano og orgel, og studerte gresk, latin og klassisk ved University College Cork, med Aloys Fleischmann (junior), og gjekk ut i 1952. Dette året blei han assistentdirektør for Radio Éireann. Han gifta seg med Ruth Coughlan i 1953.
Om kveldane spelte han piano med danseband. Han var fleire månader i Frankrike i 1955, og vidareutvikla interessa si for modernistisk musikk. Etter å ha vend tilbake i juli blei han musikkdirektør ved Abbey Theatre i Dublin (fram til 1962), der han skreiv, arrangerte og dirigerte musikk for det vestle teaterorkesteret, og fortsette òg arbeidet sitt i radio. Dei fleste av dei originale, moderne orkesterkomposiasjonane hans blei òg skrivne på denne tida. Dei omfattar Nomos No. 1: Hercules Dux Ferrariae for strykeorkester (1957), Nomos No.4 for piano og orkester (1958) og Triptyche pour orchestre (1960), i tillegg til ein tidleg versjon av det ambisiøse verket Nomos No.2 for baritonsolo, blandakor og orkester (1965). Etterkvart som arbeidet hans med Ceoltóirí Chualann utvikla seg, gjekk engasjementet hans for moderne musikalsk avantgarde tilbake, men blei aldri forlate.
Mise Éire Ó Riada komponerte og regisserte orkestermusikk for teater og film der han kombinerte tradisjonelle irske melodiar og songar i sean-nós (gammal stil) med den klassiske tradisjonen, liknande nasjonalistkomponistar som Dvořák (tjekkisk), Bartók (ungarsk) og Ralph Vaughan Williams (engelsk). I 1959 skreiv han musikk til ein dokumentarfilm av George Morrison kalla Mise Éire (‘Eg er Irland’), om grunnlegginga av Irland. Innspelinga blei dirigert av Ó Riada sjølv. Mise Éire gav han nasjonal anerkjenning og lét han starta ein serie program på irsk radio som heitte Our Musical Heritage. Ó Riada sa til folk at ein burde lytte til sean-nós anten slik eit barn ville lytte eller som om dei var songar frå India.
Ceoltóirí Chualann Mellom 1961 og 1969 leidde Ó Riada gruppa Ceoltóirí Chualann. Gruppa spelte i konserthaller i svarte dressar med kvite skjorter og svarte tversoversløyfer, men spelte tradisjonelle songar og melodier. Ceoltóirí Chualann spelte klare, enkle arrangement. Ó Riada sat i midten framme og spelte på cembalo og bodhrán, det siste ei handhalden tromme som nesten var døydd ut som instrument, og som berre blei spelt av små gutar i opptog på gata. Ceilí-band på denne tida nytta generelt jazzband-trommesett. Ó Riada ønskte òg å nytta keltisk harpe, men sidan desse ikkje var tilgjengelege på den tida, spelte han i staden cembalo, som etter hans meining var den næraste i klang. Cembaloen han jamleg blei laga av Cathal Gannon. Ó Riada var ikkje kjend med at irsk folkemusikk blei spelt i ensemble-stil på pubar i London, men for dei fleste i Irland var dette i alle høve fyrste gongen dei høyrde desse melodiane spelte av ei gruppe. Nokre av musikarane var medlemmar i både Ceoltóirí Chualann og The Chieftains samtidig. Gruppa spelte inn lydsporet til filmen Playboy of the Western World (eit teaterstykke av John Millington Synge) i 1962. Den siste offentlege framføringa deira var i 1969, og albumet deira frå dette blei kalla Ó Riada Sa Gaiety.
Dei siste åra I 1963 blei Ó Riada utnemnd som amanuensis i musikk ved . Han flytta til Baile Bhúirne i County Cork, eit irsktalande område, der han grunnla mannskoret Cór Chúil Aodha. Han vende seg mot koral kyrkjemusikk, og komponerte to messer. Ceol an Aifrinn (‘Musikk for messa’) var den fyrste messa som var skriven på irsk. Verket omfatta hymnen «Ag Críost an Síol», som er blitt populær i seg sjølv, og av og til trudd å vera ein gammal song frå mellomalderen. Aifreann 2 (‘Messe 2’) hadde ein posthum premiere i 1979. Andre verk i «klassiske» tradisjonen inkluderer Five Epigrams from the Greek Anthology (1958) og In memoriam Aloys G. Fleischmann (1964) til ord av Hölderlin. Ó Riada tonesette òg poesien til Thomas Kinsella (Three Poems, 1954), som svarte på æra ved å lovprisa Ó Riada i vers.
Ó Riada leid av skrumplever. Han blei flogen til King's College Hospital i London for å få behandling, og døydde der. Han er gravlagd på kyrkjegarden til St Gobnait i Baile Bhuirne i County Cork. Willie Clancy spelte ved gravferda hans. mini|Skulptur av Seán Ó Riada i kyrkjegarden i Cúil Aodha. mini|Gravsteinen til Ó Riada, nær St Gobnait's well. Den irske dikteren Séamus Heaney hadde diktet «In Memoriam Seán Ó Riada» i samlinga Field Work frå 1979. I 2008 blei det reist ein statue i full storleik ved Sépéil Naomh Gobnait i Cúil Aodha.
Verk Opera
Spailpín a Rúin. Opera i 3 akter (1960). Uroppført i Dublin ved Damer Theatre (St Stephen's Green), 15. september 1960.See photos of the rehearsals and premiere at the Irish Photo Archive .
Orkester
Papillons (Schumann) (1952) Overture Olynthiac (1955) The Banks of Sulán. A Pastoral Elegy (1956) Nomos No. 1: Hercules Dux Ferrariae for strykeorkester (1957) Nomos No. 4 for piano og orkester(1958) Aspects of Irish Traditional Music (1959) Seoladh na nGamhan. Festival Overture (1959) Triptyche pour orchestre symphonique (1960) Nomos No. 6 (1966)
Røyst med orkester
The Lords and the Bards (Robert Farren) for forteljar, solistar, kor, orkester. (1959) Nomus nr. 2 (Sophocles) for bariton, kor, orkester. (1963)
Kormusikk (utan orkester)
'Five Epigrams from the Greek Anthology (anon.) for fløyte, gitar og blandakor (1958) Ceathramhhaintí Éagsamhla for SATB-kor a capella (1962) Díoghlann Ceoil agus Dána for SATB-kor (1963) Requiem for a Soldier for soloistar, kor og orgel (1968)
Songar for røyst og piano
Four Songs (1954). Contains: Autumn; Winter; Spring; Summer. Lustra (anon. kinesisk i oms.) (1954) Three Poems by Thomas Kinsella (1954). Contains: Classical; Night Song 1; Night Song 2. Serenade (words?) (1955) Four Nursery Rhymes (trad.) (1956). Contains: Humpty Dumpty; Tom, Tom; Rockabye, Baby; Seothín Seó. In memoriam Aloys G. Fleischmann: Four Hölderlin Songs (Johann Christian Hölderlin) : Die Heimath; Fragment; Hälfte des Lebens; An Zimmern (1956) Hill Field (John Montague) (1965) Sekundenzeiger (Hans Arp) (1966) Lovers on Aran (Seámus Heaney) (1968) Mná na hÉireann (Peadar Ó Doirnín) (1968)
Piano
Eight Short Preludes (1953) Five Epigrams (1954) Piano Piece (1957) Aon lá sa Mhuileann for harpsichord (1968) Ceol (n.d.)
Filmmusikk for orkester
Mise Éire (1959) Saoirse? (1960) Kennedy's Ireland (1960) The Death of a Lord Mayor (1960) Young Cassidy (1965) An Tine Bheo (1966) Ceol na Laoi (c.1966)
Andre
Suite of Greek Folksongs for fløyte, obo, bratsj, cello, piano (1958) Ceol Máirseála i gcóir Socraide for militærband (1968)
Religiøs musikk
Ceol an Aifrinn / Ó Riada Mass (1968) Aifreann nua / Aifreann 2 (1970) Requiem Mass (1970)
Teatermusikk til fleire skodespel ved Abbey Theatre, inkludert Ein Crúiscín Lán (1956), The Playboy of the Western World (1956), Sougán Sneachta (1959), Mac Uí Rudaí (1961), Ulysses agus Penelope (1965).
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Seán Ó Riada» frå , den 2. mars 2026.
Kategori:Irske komponistar