FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne og hans valfrie protokoll (CRPD og CRPD-OP) er ein internasjonal konvensjon som vart vedteken 13. desember 2006 av FN. Konvensjonen har som formål å sikre at personar med nedsett funksjonsevne har same rettar som personar utan nedsett funksjonsevne. Dette angår til dømes menneskerettar, rett til sjølvråderett, og vern mot diskriminering. Rundt halvparten av landa som har ratifisert konvensjonen har, ifølgje ein rapport frå Global Disability Fund frå oktober 2025, framleis gamle lover i kraft side om side som ikkje er kompatible med CRPD, spesielt innan psykisk helse.

Noreg I Noreg er CRPD ratifisert, og vart inkorporert i menneskerettslova 1. januar 2026. Det betyr at konvensjonen gjeld direkte som norsk lov, og har forrang i norsk rett i tilfelle der det er motstrid med andre lover. Noreg har fått kritikk av CRPD-komiteen for langsam framgang i å erstatte den medisinske modellen for funksjonshemming med menneskerettsmodellen for funksjonshemming. Noreg har gjort tolkingserklæringar mot artikkel 12, 14 og 25. Den rettslege betydninga av tolkingserklæringane Noreg gav har vore diskutert, også av CRPD-komiteen, som har tilrådd Noreg å vurdere å trekkje erklæringane tilbake. Likestillings- og diskrimineringsombodet rekna med at den norske regjeringa gjorde desse tolkingserklæringane fordi det var usikkert om CRPD samsvarte med norsk rett når det gjeld å påleggje ufrivillig verjemål, og å utøve tvang som delvis baserer seg på nedsett funksjonsevne. Noreg har heller ikkje ratifisert tilleggsprotokollen, CRPD-OP, som bestemmer at enkeltpersonar eller grupper som meiner at dei ikkje får oppfylt dei rettane som dei etter konvensjonen har krav på, kan få si sak vurdert av FN.

høgre|miniatyr|CRPD-komiteen var bekymra for tvangsmetodar brukt i Noreg. Biletet illustrerer beltelegging i belteseng i psykiatrien.

Merknader til artikkel 14 Rundt artikkel 14 noterte CRPD-komiteen at dei var bekymra for lovføresegner som tillèt fridomskrenking og behandling og tvang utan samtykke av personar med psykososiale eller intellektuelle funksjonsnedsetjingar. Han var også bekymra for bruk av tvangsmetodar, som tvang, isolasjon, segregering, ufrivillig behandling og andre inngripande metodar, for personar i dei same gruppene. Komiteen tilrådde at Noreg opphevar desse lovføresegnene og stansar bruk av tvangsmetodar.

Proposisjon til Stortinget om inkorporering i menneskerettslova Regjering til Jonas Gahr Støre la den 29. august 2025 fram eit forslag, Prop. 162 L (2024-2025), om inkorporering av CRPD i menneskerettslova. Noreg har framleis gjort tolkingserklæringar til artikkelen i lova 12, 14 og 25, noko som ifølgje mellom anna Mental Disability Advocacy Center undergrev formålet til CRPD. Eit fleirtal i Stortinget stemde for lovforslaget den 9. desember 2025, men Høgre og Framstegspartiet stemde mot.

Standpunkt om tolkingserklæringane og tilleggsprotokollen Eit parti som vil styrkje rettane ytterlegare ved å fjerne tolkingserklæringane og ratifisere tilleggsprotokollen, CRPD-OP, er MDG. Partiet ønskjer også å opprette ein sannings- og forsoningskommisjon for å synleggjere overgrepa. SV ønskjer å ratifisere tilleggsprotokollen, men i motsetning til MDG ønskjer SV å behalde tolkingserklæringane, som dei deler Arbeidarparti-regjeringas Astri Aas-Hansens syn på. SV ønskjer ikkje ein sannings- og forsoningskommisjon, på grunn av sjølve namnet.Inst. 44 L (2025-2026)

Peru Peru hadde eit av dei mest CRPD-kompatible lovverka per 2021. I 2012 fjerna Peru føresegna i helselova som tillét tvangsinnlegging og tvangsbehandling. I 2018 vart alle restriksjonar på juridisk kapasitet hos personar med funksjonsnedsetjingar fjerna, og verjemålssystemet vart erstatta med ulike ordningar for støtta avgjerdstaking.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:SN-konvensjonar