Laura Virginia Fernández Delgado () er ein kostarikansk politikar og statsvitar, og vald president i Costa Rica. Som presidentkandidat for Partido Pueblo Soberano vann Fernández presidentvalet i 2026. Ho har tidlegare vore minister for nasjonal planlegging og økonomisk politikk frå 2022 til 2025, samt minister for presidentskapet frå 2024 til 2025. Bakgrunn Fernández vart fødd i Puntarenas og studerte politikk og demokratisk styring ved Universidad de Costa Rica. Politisk karriere Frå 2008 til 2010 var Fernández konsulent for programmet for statsreform i departementet for nasjonal planlegging og økonomisk politikk, som medlem av den tyske organisasjonen for teknisk samarbeid (GIZ). Ho vart embetskvinnne i departementet i 2010 og arbeidde som rådgjevar for modernisering og administrasjon fram til 2014. Frå 2014 til 2018 var Fernández rådgjevar for den lovgjevande forsamlinga i spørsmål om offentlege utgifter, finans, inntekter og regjeringsreformer. Under presidentvalet i Costa Rica i 2018 var ho ein av visepresidentkandidatane til . I 2018 vart Fernández forskar i departementet for nasjonal planlegging og økonomisk politikk, med fokus på statleg samarbeid, offentleg sysselsetjing og administrativ reform. Frå 2020 til 2021 var ho direktør for strategisk planlegging i kommunen Cartago, før ho vende attende til rolla som forskar i departementet.
Den 8. mai 2022 utnemnde president henne til minister for nasjonal planlegging og økonomisk politikk. 21. juni 2024 utnemnde Chaves henne òg til minister for presidentskapet, etter . 11. juli 2024 signerte ho eit dekret som fastsette 30. juli som ein minnedag for kvinneleg røysterett i Costa Rica. 31. januar 2025 trekte Fernández seg frå ministerpostane for å kunne stille som presidentkandidat ved presidentvalet i 2026. Vald president i Costa Rica Den 29. juli 2025 kunngjorde Fernández offisielt sitt presidentkandidatur som medlem av Partido Pueblo Soberano (PPSO). Ho presenterte seg som ei vidareføring av presidentperioden til Chaves, som ikkje kunne stille til attval på grunn av tidsavgrensing, og som ein støttespelar for chavismen. Fernández var éin av tjue presidentkandidatar og éi av fem kvinnelege kandidatar. Ho vart vald til president med 48,3 % av røystene.
Sigeren hennar vart gratulert av fleire latinamerikanske leiarar, statsministeren i Spania og den amerikanske utanriksministeren Marco Rubio. Fernández tok opp att rolla som minister for presidentskapet 4. februar.
Ho vert teken i eid 8. mai 2026 som den andre kvinnelege presidenten i Costa Rica, etter Laura Chinchilla. Fernández har teke til orde for ein «tredje republikk» i Costa Rica og har lova å reformere styresmaktene, kjempe mot korrupsjon, utvide fri næringsverksemd og fremje handel, i tillegg til å styrkje relasjonane mellom Costa Rica og Israel.
Ho vert skildra som høgrepopulist.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Laura Fernández Delgado» frå , den 23. februar 2026.
Kategori:Kostarikanske presidentar Kategori:Kostarikanske politikarar