Haigh's Chocolates er ein australsk familieeigd sjokoladeprodusent med base i Adelaide i Sør-Australia, som lager fleire ulike sjokoladeprodukt. Føretaket vart grunnlagt 1. mai 1915 av Alfred E. Haigh og har utsalsstader i Canberra, Melbourne og Sydney, i tillegg til fleire butikkar i Adelaide.
Historie Alfred Ernest Haigh vart fødd i 1877 i Adelaide i Sør-Australia. Den første butikken hans opna 1. mai 1915 i King William Street 34 og flytta nokre dører vidare til Beehive Corner i 1922, på Rundle Mall og King William Street. Etter at Alfred Haigh døydde brått i 1933 vart sonen hans, Claude Alfred Haigh, administrerande direktør fram til han pensjonerte seg i 1959.
John Haigh (Alfred sitt barnebarn) ønskte å utvide sjokoladeproduksjonen i verksemda, og drog for å lære om sjokoladeproduksjon hos Lindt & Sprüngli i Sveits for å ta med nye teknikkar tilbake til Australia. John Haigh var administrerande direktør frå 1959 til 1990.
På 1950- og 1960-talet blei Haigh's sine sjokoladar selte på kino av «Tray Girls» og «Tray Boys». Då kinobesøket fall, drog Haigh til Melbourne for å utvide den allereie populære verksemda.
Alister Haigh vart administrerande direktør i 1995, og heldt fram i rolla fram til han trekte seg 4. august 2025. Han held fram som styremedlem, saman med andre fjerdegenerasjons familiemedlemmer, Simon Haigh og Sara Fitzgerald. Peter Millard er den første administrerande direktøren i selskapet si historie som er utnemnd utanfrå familien.
I desember 2023 kunngjorde Haigh's Chocolates planar om å opne ein ny, spesialbygd fabrikk i Salisbury Sør innan slutten av 2025. Fabrikken opna 16. september 2025, og auka produksjonskapasiteten frå 1100 tonn til 2000 tonn sjokolade per år.
Innreiinga i den opphavlege butikken i Adelaide er den same som då han først opna.
Utsal Per september 2025 hadde Haigh's 22 butikkar og nettbutikkar, og sysselsette om lag 900 personar. Siden oktober 2014 har Haigh's selt sjokoladeutvalet sitt på nett.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Haigh's Chocolates» frå , den 25. mars 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Australske føretak Kategori:Sjokoladeprodusentar Kategori:Skipingar i 1915