Veton Berisha () er ein norsk fotballspelar frå Eigersund. Perioden mellom 2016 og 2022 deltok han i 10 av Noreg sine landskampar. Han er angrepsspelar og vart norsk meister 2023 med Molde Fotballklubb.
Karriere Klubbspel Berisha fekk sin debut i 2009 med nivå 4-laget Egersund IK. Sommaren gjekk han over til Viking FK der han fekk sitt gjennombrot i 2012. I juli 2015 vart han overført Greuther Fürth i tysk andredivisjon. Frå september 2017 til mars 2019 gjorde han teneste i austerrikske Rapid Wien. 2019-sesongen spelte han for SK Brann. Gjennom 2020 og 2021 imponerte han som Viking-spelar. Etter indre uro i Viking-leiren flytta han til svenske Hammarby IF mot nærare 20 millionar kroner. Framom 2023-sesongen signerte han for Molde FK. Stendige skadeplagar førte til han ikkje fekk fast plass i fyrste-ellevaren. Han var innbytar då Molde vann 1–0 over Bodø/Glimt i cupfinalen 9. desember 2023. Den 1. august 2025 terminerte Berisha kontrakten med Molde, for så å ta til på si tredje periode i Viking.
Landslagsspel Berisha debuterte for Noreg 29. mai 2016, i ein kamp der også hans eldre bror Valon Berisha spelte frå start for Noreg. Ei veke seinare skåra Veton Berisha det andre norske målet då Noreg på bortebane tapte 2–3 mot Belgia. Etter ytterlegare to kampar i 2016, måtte han vente til 18. november 2020 før han fekk sin femte landskamp. Med det såkalla naudlandslaget speltee Noreg uavgjort 1–1 mot Austerrike i Wien. I tida frå oktober 2021 til juni 2022 var Berisha innbytar i fem av Noregs landskampar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Veton Berisha» frå , den 4. april 2026. i Veton Berisha i eu-football.info
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Viking-spelarar Kategori:Brann-spelarar Kategori:Molde-spelarar