Jess Diderichsen Koren () var ein norsk lensmann frå Eidsberg.
Koren var son til ein sorenskrivar. Sjølv var han i 1814 løytnant i Wedelske frikorps. I 1822 tok han til som lensmann i Nes på Romerike, kjøpte same året eit gardsbruk i bygda og budde der sidan. Koren var i 1824 2. representant frå Akershus amt i Stortinget, der han var medlem i Tollkomitéen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.
Kategori:Stortingsrepresentantar 1824-1826 Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Folk frå Nes i Akershus