Abraham Dreyer Mosling () var ein norsk tollar og stortingsmann frå Børsa i Sør-Trøndelag. Frederik Mosling var hans yngre bror.
Abraham Mosling var frå 1811 sekondløytnant i 2. trondhjemske infanteriregiment. I 1822 fekk han stilling som overtollbetjent i Bergen, flytta 1831 til lik stilling i Levanger.
I 1821 møtte han i Stortinget som 2. representant frå Søndre Trondhjems amt, eit val godkjent med 34 mot 32 røyster. På Tinget var han medlem i 9 komitear, mellom dei i komiteane om sal av benefisert gods og om hogst i allmenningar. Mosling deltok også i omframtstortinget 1822.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.
Kategori:Stortingsrepresentantar 1821-1823 Kategori:Stortingsrepresentantar for Søndre Trondhjems amt Kategori:Norske tollarar Kategori:Folk frå Skaun Kategori:Folk frå Levanger