Ingrid Olina Hovland () er ein norsk KrF-politikar frå Stavanger. Ho har vore leiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom sidan oktober 2025.
Hovland er medlem av Hillevåg og Tjensvoll bydelsutval i Stavanger kommune.
Bakgrunn Ingrid Olina Hovland fullførte vidaregåande opplæring ved St. Olav vidaregåande skule i 2023, og gjekk dinest eitt år ved Bildøy bibelskule. I 2025 byrja Hovland å studere rettsvitskap ved Universitetet i Oslo.
Abortfråsegn og Subjektprisen Kort tid etter at Hovland vart vald til KrFU-leiar, uttala ho i sin podkast Brutalt ærlig at ho meinte kvinner bør fullføre svangerskapet, sjølv om graviditeten var som følgje av valdtekt. Fråsegna førte til sterke reaksjonar og det vart blant anna sett igang ein underskriftskampanje av samfunnsdebattant , som mottok over 40 000 signaturar, med krav om at Hovland burde trekke seg som leiar i KrFU. Hovland presiserte seinare at dette var eit personleg standpunkt og at KrFU står for ei abortgrense på 12 veker.
Saka bidrog til at Hovland vart tildelt av kulturavisa Subjekt den 16. desember 2025. I grunngjevinga til juryen stod det blant anna at ho «står for meningene sine, forsvarer dem prinsipielt og går i dialog».
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ingrid Olina Hovland» frå , den 21. april 2026.
Kategori:Folk frå Stavanger Kategori:Abortmotstandarar Kategori:Lokalpolitikarar i Stavanger Kategori:KrF-politikarar i Rogaland Kategori:KrFU-leiarar