Jens Svennsson Strande () var ein norsk gardbrukar frå Østre Gausdal, busett i Ringebu. Jon Svennsson Vålen var ein eldre bror.
Jens Svennsson kjøpte i 1849 garden Gjefsen i Ringebu, flytta i 1856 til garden Tokse i Nord-Fron. Etter det vart reist odelssak, måtte han i 1863 reise derifrå. Han vende tilbake til Gjefsen, før han i 1866 kjøpte garden Søre Strande i Ringebu og budde der resten av livet. I Ringebu var han i mange år medlem i heradsstyret. 1877–79 var han 3. varamann til Stortinget, møtte 1879-sesjonen i staden for Peter Olsen Horgen. Han var då medlem i Jarnbanekomiteen. Jens Strande var «en anset og dygtig mand, strengt religiøs».Slegten Stenersen fra Vaalen i Gausdal samt andre slegtgrene fra Vaalen: personalhistoriske og genealogiske oplysninger. 1924.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.
Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar for Oppland Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Lokalpolitikarar i Ringebu Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Folk frå Ringebu Kategori:Folk frå Gausdal