mini|Rissemål Rissemål er eit regulerbart merkeverktøy brukt til å lage strekar eller riss i emne av tre. Andre ord for rissemål er ripmot, ripmåt, strekmål og rissemåt. Verktøyet er brukt av både båtbyggarar, tømrarar og snikkarar. Frå gamalt av var dei som regel heimelaga, og i den tresorten som var tilgjengeleg. Seinare vart det vanlegare med profesjonelle som produserte rissemål i penare eksotiske treslag, og i metall som t.d. messing. Gamle rissemål måtte justerast med ein eller fleire trekiler, men idag er det justering med hjelp av ein skrue det vanlegaste.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Snikkarreiskapar